Flokenes Fiskefarm har hatt si fyrste lakserømming
Flokenes Fiskefarm har for fyrste gong i historia hatt ei rømming. Hendinga skjedde på lokaliteten Dyvika under ein avlusingsoperasjon.
Denne artikkelen er tre år eller eldre.
Torsdag avdekka Aquadykk hol i ei not på lokaliteten Dyvika i Sogn og Fjordane, tilhøyrande Flokenes fiskefarm.
Driftsleiar Magnar Terje Leknes bekreftar til Kyst.no at det har skjedd ei rømming, og opplyser at laksen har ei snittvekt på 3 kilo.
- Dette er fyrste gongen at ei rømming skjer hos oss, og me synes dette sjølvsagt er svært keisamt. Me reknar med skada på nota oppstod i samband med avlusing, fortel han.
Lokaliteten ligg på sørsida av Førdefjorden vis-a-vis Vevring og like utanfor grensa til den nasjonale laksefjorden.
Avluste med brønnbåt
På Barentswatch kjem det fram at det var brønnbåten RoServer som var på lokaliteten onsdag og utførte avlusinga. Leknes opplyser at det stod 63 000 laks i nota, og fortel dei enda ikkje veit omfanget av kor stor rømminga er.
- Det er starta gjenfangst og tre laks har gått i garna 24 timar etter dei var sett ut, fortel Leknes.
Konkret trur han rifta har skjedd under trenging av fisk under ein avlusingsoperasjon, og seier dei ikkje har sett fisk rundt anlegget.
- Holet vart tetta umiddelbart av dykkarar, då dei var nede og sjekka nota. Me brukte også ROV utanfor merda, for å sjå om det var rømd noko fisk. Gjenfangstgarn hadde me på plass to tre timer etterpå, legg driftsleiaren til.
Holet var forma som ein L, og var cirka 60 cm kvar veg.
Gjennomgår rutinar
Ein av teoriane til selskapet kring årsaka til rømminga trur dei kan vera at nota sat fast i perlebåndet etter avlusing. Selskapet vil no gjennomgå rutinane, for å finna ut om dei er gode nok.
- Fiskeridirektoratet kjem på mandag, og då vil me gå gjennom kva som har skjedd, seier han avslutningsvis.
Selskapet er interesserte i eventuelle observasjonar eller fangst av oppdrettsfisk i nærområdet. Dei kan nås på tlf 45425911, eller ein kan melda inn rømd fisk til fiskeridirektoratet på tlf 55 23 83 37/911 03 277.