Ny dagleg leiar i Flokenes Fiskefarm
Magnar Terje Leknes har tatt over spakane som dagleg leiar etter Ingvar Bjarne Osland.
Denne artikkelen er tre år eller eldre.
Han har i fleire år jobba som driftsleiar i oppdrettsselskapet på Askvoll i Sogn og Fjordane, men fortel at han tok over leiinga 1. januar i år.
Til Kyst.no seier Magnar Terje Leknes at årsaka til endringa, er at tidligare dagleg leiar Ingvar Bjarne Osland ynskjer på sikt å pensjonere seg, og ville difor tre av som leiar og gå ned i ei 50 prosent stilling.
- Nettopp kva tittel han vil ha, er enda ikkje bestemt. Men han ynskjer i allefall å jobba litt som røktar, så han fortset i selskapet. Eg kjem til å få god hjelp av han no vidare med driftinga av Flokenes Fiskefarm og me skal fortsetje i same bane som før. Det blir nok ikkje dei store endringane med meg som sjef, seier Leknes med eit smil.
Den erfarne oppdrettaren har jobba i oppdrettsselskapet sidan 1995, før det jobba han i Svanøy Havbruk.
Om selskapet:
- Flokenes Fiskefarm har to løyver og driv matfiskprodusjon av laks på to lokalitetar i ytre del av fjorden i Askvoll kommune.
- Selskapet starta med oppdrett i Førdefjorden i 1984.
- Årleg produksjon er omlag 2000 tonn.
- Selskapet har sju tilsette.