Flowtru har signert si fyrste kontrakt
Oppstartsbedrifta Flowtru signerte 12 februar si fyrste kontrakt på tre fiskepumper.
Denne artikkelen er tre år eller eldre.
Dette skriv selskapet i ei pressemelding.
Kontrakta har ein verdi på 4 millioner kroner, og selskapet skal levere fiskepumpene til Stranda Prolog AS.
- Teknologien som Flowtru har utvikla gir eit stort potensiale for å forbetre dyrevelferd i handteringsoperasjonar. Det gjer at vi tek betre vare på verdiane og vil gi økonomisk gevinst til oppdrettarane, seier Klaus Hoseth Adm.direktør i Stranda Prolog.
Eit nyskapande miljø
Selskapet skriv at avtalen med Stranda Prolog vil gje dei moglegheit til å halde fram med å bygge verksemda og utvikle teknologien vidare, både for fiskepumper og for andre produkt som teknologien har potensiale for.
Dei fortel vidare at selskapet har som mål å vere eit nyskapande miljø som tek fram gode løysingar og skape nye, spennande arbeidsplassar i Fosnavåg og ringverknader i resten av Møre og Romsdal.
Ny pumpeteknologi
- Flowtru vart etablert i 2018, og har sidan då jobba målretta med å ta fram ny pumpeteknologi for havbruksnæringa. Flowtru har utvikla ei fiskepumpe som gjer at levande fisk kan flyttast utan å måtte passere fysiske hinder, fortel dei.
Dei skriv videre at målet er å redusere skader på fisken og økonomiske tap for oppdretterane.
- Kontrakten med Stranda Prolog er ein stadfesting på at Flowtru har både kompetanse og ein relevant teknologi som passar inn i havbruksnæringa, seier dagleg leiar i Flowtru, Martin Jung Leine.
Bidrag til lokal innovasjon
Flowtru deltok i Sparebanken Møre sin etablerer-konkurranse “Næringsteft” i 2019 og vart ein av tre finalistar. Etter næringsteft har Flowtru hatt eit nært samarbeid med rådgjevingsselskapet MRB (nå Converto), som har bidrege med strategiarbeid og planlegging av ein emisjonsprosess.
- Det er spennande og givande å bidra til å løfte fram nye bedrifter. Regionen treng fleire bedrifter som satsar aktivt mot havbruksnæringa med nyskapande produk, fortel
Bjørn Gjerde og Jan-Inge Sætre i Converto.
Selskapet fortel også at dei har hatt eit godt samarbeid med Innovasjon Norge som har støtta prosjektet med tilskot
til kommersialisering.
Herøy Kommunale næringsfond har ifølge selskapet bidrege med midlar til patentsøknad og bygging av prototyp for testing av teknologien og ÅKP har bidrege med mentor-tenester gjennom pre-inkubator og inkubator-ordningane.