Fluctus er i gang med bygging av Salmon Eye i Rosendal
Eide Fjordbruk har signert ein turn-key kontrakt med Austevoll-selskapet Fluctus AS for bygging av Salmon Eye.
Denne artikkelen er tre år eller eldre.
Visningssenteret «Salmon Eye» er tilknytta Eide Fjordbruks lokalitet Hågardsneset, som ligg like utanfor Snilstveitøy og Rosendal i Kvinnherad kommune.
- Det er svært gledeleg at eit selskap som me allereie har eit langt og godt samarbeid med, også blei dei rette for å byggja Salmon Eye. Fluctus tok utfordringa på strak arm og me syns det er stas å samarbeide med lokale bedrifter, seier dagleg leiar Sondre Eide i ei pressemelding.
Fluctus AS har hovudkontor i Austevoll og leverer utstyr og service til havbruksnæringen. Eide Fjordbruk skriver i pressemeldinga at det er erfaringa med produksjon av fôrflåtar som gjorde at dette vart ein god match.
- Fluctus er stolt over å få være med å realisere Salmon Eye og produksjonen er allerede i gang. Våre ansatte har lang erfaring og kompetanse innenfor utstyrsleveranser til havbruksnæringen generelt og flåteproduksjon spesielt, hvilket vi drar nytte av i Salmon Eye prosjektet. Vi takker Eide for tillitten og ser frem til et spennende prosjekt sammen, sier flåteansvarlig i Fluctus Runar Hatlevik.
Les også: Jobber for åpning av «Salmon Eye» neste sommer
Om Salmon Eye:
Salmon Eye er eit visningssenter med planlagt opning 2022. Senteret kjem til å ligge i Hardangerfjorden like ved Rosendal, med utsikt til fjella i dei spektakulære Rosendalsalpane. Salmon Eye skal være et visningssenter for laks, bygga som eit ikonisk monument og med moderne og nytenkande innhald som er laga med brukaren i sentrum. Senteret ynskjer å setja fokus på fotavtrykka til næringa og vera ein inspirasjon til utvikling innan berekraftig matproduksjon i sjø.
Les også disse Kyst.no sakene om Salmon Eye.
Heil-elektriske båtar
For å ta seg ut til visningssenteret i Hardangerfjorden, må dei tilsette sjølvsagt ta sjøvegen. For å gjera dette mest mogleg miljøvenleg, har Eide Fjordbruk tinga to heil-elektriske båtar av typen Flying Fish 37Z MK2 E-charge.
- Det har vore utfordrande å navigera i ein relativt ny marknad av elektriske båtar til dette føremålet. Hukkelberg Boats AS og Evoy AS er heilt framme når det gjeld elektrifisering, og me ser fram til å ta båtane i bruk. Dette er eit viktig steg for oss i vår strategi om å redusera karbonavtrykket vårt, seier teknisk sjef Erlend Eide i Eide Fjordbruk.
Tolv passasjerar
Den første båten vil bli levert til Eide Fjordbruk allereie i desember. Då startar også selskapet opp med prøvedrift og opplæring av båtførarar til visningsanlegget. Båtane, som er over elleve meter lange, vil kunna frakta opptil tolv passasjerar ut til anlegget i slengen.
- Vi er svært stolte og audmjuke over å ha blitt plukka ut som leverandør til Eide Fjordbruk på dette spenstige prosjektet. Med ei over 80 år lang verftshistorie, er dette ein spanande teknologi å ta fatt på, og vi ser fram til eit godt samarbeid med Eide Fjordbruk og Evoy, seier Øyvind Hukkelberg frå Hukkelberg Boats.