HI får rundt 125 millionar til ny forsking
Åtte prosjekt hentar inn store summar frå Forskingsrådet. Det handlar om rognkjeks, tunfisk, sjøgras, lakselus og kysttorsk – mellom anna. – Fenomenalt, seier havforskingsdirektøren.
Havforskingsinstituttet (HI) meldte fredag på sin hjemmeside, at de får til saman nær 109 millionar kroner frå Hav-programmet til Forskingsrådet.
Eit stort, tverrfagleg satsingsprosjekt på lakselus får heile 45 millioner kroner.
I tillegg får fire nye, unge forskartalent midlar frå potten – og HI har tre framragande forskingsprosjekt som no kan starta opp.
I programmet Muliggjørende teknologier drypp det også inn nesten 15 millionar kroner.
Forsker | Prosjekttittel | Tema | Søkt beløp i millioner |
Kai Kristoffer Lie | Does feed-borne exposure to emerging mycotoxins during the freshwater phase affect salmon growth and performance later in life? - MYTOXA | Hav | 11,9 |
Michael Breen | Welfare conscious capture and slaughter of Atlantic bluefin tuna (Thunnus thynnus L.) in the Norwegian rod and line fishery. | Hav | 10,0 |
Caroline Durif | Characterizing the migratory strategies of Atlantic lumpfish to improve stock assessment of this commercially important species | Hav | 9,9 |
Maud Alix | Anthropogenic impacts of climate change and fisheries on reproductive and offspring performance of high-latitude marine fishes | Hav | 8,0 |
Karine Gagnon | Biodiversity in Northern European Seagrass meadows – drivers, responses, and resilience | Hav | 8,0 |
Florian Berg | Assessing spatiotemporal dynamics in HERring POPulation Structure under climate change | Hav | 8,0 |
Brian Stock | Kinship-based assessment of Norwegian coastal cod to determine sustainable harvest levels and protect genetic diversity in fisheries | Hav | 7,9 |
Ørjan Karlsen | The Hidden Toll of Lice | Stort, tverrfaglig Forskerprosjekt | 45,0 |
Lene Kleppe | Accelerated genetic improvement of key traits in farmed Atlantic salmon via transplantation of in vitro propagated germline stem cells | Muliggjørende teknologier | 14,9 |
Havforskingsdirektøren: – Vi er relevante
Tildelinga får naturleg nok fram godsmilet hos havforskingsdirektør Nils Gunnar Kvamstø. Den spontane responsen er fenomenalt.
– Her hevdar Havforskingsinstituttet seg i ein tøff konkurranse. Eg veit kor gode folk vi har, men det er også veldig stas å få det stadfesta. Den solide utteljinga viser at forskinga vår er relevant, held høgt nivå og er etterspurd for å løysa fleire av dei store utfordringane samfunnet står overfor.
Nils Gunnar Kvamstø peikar på at dei nye prosjekta også gjer det mogeleg for HI å rekruttera unge forskarar.
– Forskinga vi no skal i gang med opnar for stipendiatar og post-doc-stillingar som vi elles kanskje ikkje hadde hatt rom for. Det er særs gledeleg, seier han.
Ørjan sikra seg "kjempepott" til lakselusforsking
Den største summen var det altså Ørjan Karlsen som sikra seg, og han gler seg til å starta på prosjektet.
– Eg er kjempefornøgd med å få moglegheita, saman med nasjonale og internasjonale kolleger, til å studere effektane lakselus har på villaksen.
Karlsen og co. skal både ut i felt og inn på labben.
– Gjennom ein serie med forsøk både ute i naturen og inne på laboratoria, kombinert med ein analyse av tidsseriar, så ser vi for oss å kunne gje heilt ny informasjon om den samla belastinga lakselus har på villaks.