
Smolten finner raskeste veien til havet
Det viser eit nytt forsøk der 440 ville laksesmolt i løpet av to år blei utstyrt med akustiske merke. Med hjelp av lyttebøyer kunne forskarane dermed følgje vegvala utover i Altafjorden.
Dette skriv Havforskningsinstituttet i ei sak på deira heimeside.
- Det kan sjå ut som laksen nærast er programmert til å velje den kortaste ruta når han startar på utvandringa, seier havforskar John Fredrik Strøm.

Han er ein av forskarane som i samarbeid med Lakseklyngen har undersøkt kva rute lakseungane vel når den skal på beitevandring i havet.
Inne i fjorden var laksen lite påverka av lokale miljøfaktorar, men dette endra seg etter kvart som den nærma seg ope hav:
- Då såg vi tydeleg at den valte den kortaste ruta med det kaldaste og saltaste vatnet, seier Strøm.
Ifølgje forskarane ser det ut som den unge laksen plukkar opp miljøsignal i form av straum, salt og temperatur frå storhavet medan den sym utover fjorden.
- Desse signala fortel truleg laksesmolten kvar den skal symje for å komme raskast frå elva og ut til havet, seier havforskaren.
Forsøket er gjort med laksesmolt, altså lakseungar som er klare for å starte livet i saltvatn etter å ha vakse opp i ferskvatn.
- Desse fiskane er forholdsvis små, berre 30 gram, og skal ut i havet på beitevandring. Når dei har vakse seg store kjem dei tilbake til elva for å gyte, seier forskaren.
For forskarane er det særs viktig å finne ut kva veg laksen vel, blant anna fordi vegvalet kan bety økt dødelegheit, dersom vandringsruta går gjennom område med mykje lakseoppdrett.