Nye artar kan auke norsk sjømatproduksjon kraftig
Det er gitt løyve til oppdrett på om lag 170 vasslevande dyr og 30 planter i Noreg. Men likevel blir det nesten berre produsert laks og regnbogeaure. No peikar havforskarane på store moglegheiter med nye artar.
Denne artikkelen er tre år eller eldre.
Ein ny rapport frå Havforskningsinstituttet (HI) viser korleis norsk sjømatproduksjon kan aukast på ein berekraftig måte, med å drive oppdrett på fleire artar enn laksen.
– Halvparten av jordas planteproduksjon skjer i havet. Likevel får vi menneske berre om lag 1 prosent av energien vi et frå havet, fortel HI-forskar Ole Torrissen, redaktør for rapporten på deira heimeside.
– Dersom verdas befolkning skal ha nok sunn mat, seier det seg sjølv at vi må bli flinkare til å utnytte ressursane i havet. I dag er det slik at sjølv den norske oppdrettslaksen får mesteparten av maten sin frå landjorda.
Bør satse lågt i næringskjeda: Blåskjel og tare
Globalt er havbruket dominert av organismar som er lågt i næringskjeda: makroalgar, skjell og planteetande fisk.
Forskarane meiner at Noreg har gode, naturgitte føresetnader for å få til ein effektiv og berekraftig produksjon av artar nedst i næringskjeda.
Det er fordi Noreg har store mengder reint sjøvatn, areal i skjerma kystområde og høg teknologisk kompetanse. Store deler av kyst- og fjordområda våre er næringsfattige. Likevel meiner forskarane at det går an å få til produksjon med rette tiltak.
– Eit tiltak kan vere å kontrollere oppstrøyminga av djupare vatn som er meir næringsrikt, til produksjonsområde, seier Torrissen.
– Blåskjel, dyrka enten til menneskeføde eller fiskefôr, er ein art som vil kunne vera godt eigna, legg han til.
Ein annan art er tare. Av stortare kan ein få alginat, som blir brukt i alt frå legemiddel til matvarer.
– I tillegg kan tare brukast som råstoff til biodrivstoff og fôr. Men intensiv taredyrking er i startfasen.
Torskefisk enklast – men utfordrande
I den nye rapporten har forskarane gått gjennom kva potensiale ulike artar har for å bli oppdrettsart. På kort sikt ligg torskefisk (torsk, sei, lyr og hyse) ligg best an til å bli produsert i store mengder i merdar i sjø, slik som ein i dag produserer laks og aure.
– Vi har allereie god kunnskap om stamfiskhald og yngelproduksjon her. For torsk finst det eit godt etablert avlsprogram ved NOFIMA i Tromsø, seier Torrissen.
Det er likevel problem som må løysast for å få på plass ei berekraftig storsatsing på torskefisk.
Stor lever og stor hovud gir eit lågt filetutbytte – berre 50 prosent. Til samanlikning gir laks eit filetutbytte på 70 prosent. I tillegg må det utviklast ei vaksine mot sjukdomen francicllose.
I Noreg har vi i dag eit stort og viktig fiskeri etter torskefisk. Oppdrett av dei same artane kan føre til rømming – enten at fisk kjem seg ut av merdane, eller at fisk gyt i merdane og befrukta egg flyt vidare med vassmassane.
Det betyr at det er ein risiko for å påverka dei ville bestandane genetisk.
Støren – ein alternativ kandidat?
Ein annan aktuell kandidat til å bli Noregs nye oppdrettssatsing, er støren. Den einaste størarten som høyrer til i norske farvatn, er den europeiske støren, Acipenser sturio.
Det er allereie i dag utvikla teknologi for oppdrett av stør, og det finst eit landbasert anlegg for produksjon av stør i Meløy i Nordland.
– Vi har ingen naturleg reproduksjon av stør i Noreg, som rømt fisk kan blanda seg med, seier Torrissen.
– Sjansen for at oppdrettsstør vil kunne reprodusere seg på rømmen i norske elver, er minimal. Kanskje europeisk stør kan bli Noregs miljøvennlege oppdretta kvitfisk?
Tjukkleppa multe kan få algefôr
Andre alternative artar kan vere tjukkleppa multe, St. Petersfisk og uer. Multen er spesielt interessant fordi den et algar. Dermed kan ein utvikla fôr som berre er basert på plantebaserte råvarer.
Mesteparten av maten til dagens oppdrettslaks kjem frå land. Men halvparten av jordas planteproduksjon skjer i havet, og lite av desse ressursane blir brukt til fôr eller menneskemat. Den utviklinga meiner forskarane at må snu.
– Vi må få slutt på at sjømatproduksjonen er så avhengig av landjorda. Nye oppdrettsartar bør primært fôrast på marine råvarer, seier Ole Torrissen.
Noreg kan lukkast – men må ta omsyn til miljøet
– Det vi viser i denne rapporten, er at det er mogleg for Noreg å satsa på fleire nye oppdrettsartar i tillegg til laks og aure, og lukkast. Men det fordrar at vi klarar å løyse miljøutfordringane som følgjer med, slik at satsingane skjer på ein måte som ikkje skadar naturen vår, avsluttar Torrissen.