Statsbudsjettet: Meir pengar til marin forsking og havbruksforvaltning
– Potensialet for vekst i dei marine næringane er stort, og forsking og utvikling er ein føresetnad for å realisere moglegheitene i havet. Målet er meir innovasjon og større verdiskaping, seier fiskeriminister Per Sandberg.
Denne artikkelen er tre år eller eldre.
For 2017 foreslår departementet også å auke Fiskeridirektoratets havbruksforvaltning med 12,5 mill. kroner for å følgje opp implementeringa av det nye regimet og tilsyn med dette.
Vil ha ein fornybar økonomi
Regjeringa er opptatt av å leggje til rette for ny næringsverksemd, og satsar på bioøkonomi.
– Vi skal ta heile havet i bruk. Vi kan utnytte dei ressursane vi har på ein meir effektiv måte, men det er også eit stort potensial for nye artar. Ei satsing på bioøkonomi vil bidra til å utvikle heilt ny næringsverksemd, seier fiskeriminister Per Sandberg.
I statsbudsjettet for 2017 fremmer regjeringa forslag om 50 millionar kroner til bioøkonomitiltak gjennom Noregs Forskingsråd. Av desse pengane skal halvparten gå til forsking på meir effektiv og lønnsam utnytting av marine ressursar innanfor bioøkonomien.
I tillegg foreslår regjeringa 37,5 millionar kroner til ressursforskinga, dette som følgje av auka inntekter frå fiskeriforskingsavgifta.
Byggjer nytt isgåande forskingsfartøy
Det blir også foreslått å løyve 972 millionar kroner til bygging av eit nytt isgåande forskingsfartøy som er planlagd ferdigstilt i 2017.
- Marine næringar har et stort framtidspotensiale. Skal vi sikre ny verdiskaping og omstilling av norsk økonomi må vi gripe sjansen og sørge for at vi er i kunnskapsfronten, seier fiskeriminister Per Sandberg.