Gir 27 millionar til forskning på vestlandet
Regionalt forskingsfond Vestlandet gir 26,7 millionar kroner til ny forsking i landsdelen. Fleire bedrifter innanfor havbruk, akvakultur og marine næringar er blant dei som får millionstøtte.
Denne artikkelen er tre år eller eldre.
Styret i Regionalt forskingsfond Vestlandet (RFF Vestlandet) har vedtatt å gi 26,7 millionar kroner til ny forsking i Hordaland, Sogn og Fjordane og Rogaland. Åtte større forskingsprosjekt i næringsliv og kommunal sektor får totalt 23 millionar. I tillegg vert det løyvd 3,7 millionar til vidareutvikling av ni prosjekt som er i startfasen. Dette kjem frem i ei pressemelding frå selskapet.
- Fondet ønskjer å mobilisere flest mogleg bedrifter og kommunar til å ta i bruk forsking som middel til nyskaping og utvikling. Tal frå Noregs forskingsråd viser at vi tidlegare har lukkast godt med å rekruttere bedrifter med lita eller inga, og det er gledeleg å sjå at midlane våre også i år bidrar til at fleire nye bedrifter kan gje seg i kast med forskingsstøtta innovasjon, seier Jenny Følling, fylkesordførar i Sogn og Fjordane og styreleiar for RFF Vestlandet.
Vil slakte laksen på sjøen
Om ein flyttar slakting av oppdrettslaks frå land og ut på sjøen, kan det gi både betre utnytting av slaktekapasitet, betre fiskevelferd, betre produktkvalitet og meir miljøvennlig transport. Hav Line Gruppen AS i Bergen er i ferd med å byggje verdas største flytande slakteri, båten «Norwegian Gannet», og får no tre millionar til å finne gode løysingar for slakting av laks direkte frå merd.
- Selskapet skal mellom anna utforske metodar for trenging, pumping og avliving av fisk og analysere korleis ulike slaktemetodar, temperaturar og lagringstid påverkar produktkvaliteten. Forskarane vil også gjennomføre risikoanalysar og ta miljøprøvar gjennom heile slakteprosessen for å sikre maksimal mattryggleik og minimal smitterisiko. Dei tar også sikte på å redusere svinnet frå prosessen gjennom superkjøling av restråstoff som kan brukast av prosessindustrien.
- Dette er spennande forsking som kan fremje automatisering i ei havbruksnæring som er svært viktig i landsdelen vår. Ein tar sikte på å utvikle fleksibel slaktekapasitet som enkelt kan flyttast frå merd til merd, ein får færre trinn i prosesseringa og kan levere direkte til mottak utan å gå vegen om forureinande og kostbar landtransport. Kan ein i tillegg bidra til auka produktkvalitet og haldbarheit og mindre svinn, vil det vere eit løft for næringa, seier Følling.
Hav Line Gruppen AS vil gjennomføre forskinga i samarbeid med matforskingsinstituttet Nofima, Optimar AS, Hav Line Vessel AS, Sekkingstad AS og Downstream Marine AS.
For meir informasjon, kontakt Carl Erik Arnesen, administrerande direktør i Hav Line Gruppen AS, på tlf. 958 26 782.
Berekraftig bruk av skadd laks og aure
Laksenæringa tapar inntekter i milliardklassa på grunn av fisk som vert skadd eller døyr i samband med mekanisk handtering som lusebehandling, sjukdomsbehandling eller utsortering av stor matfisk. I tillegg kjem store utgifter til transport og destruksjon av daud fisk. Servicebåt AS i Austevoll får tre millionar til å utvikle løysingar kan gjere det mogleg å bruke denne fisken til menneskeføde av høg kvalitet, slik at ein får meir berekraftig utnytting av samla biomasse i merdane.
Selskapet ønskjer å ta i bruk spesialtilpassa servicebåtar for innsamling, bedøving, sortering og avliving av skadd fisk. Dei vil mellom anna utvikle patenterbar teknologi for å omgåande kunne skilje skadd og døyande fisk frå levande fisk etter til dømes lusebehandling og finne ut korleis fisk til utsortering kan samlast inn utan at det skaper stress for annan fisk i merdane. Dei skal også finne gode metodar for å ivareta råvarekvaliteten fram til vidareforedlingsanlegg.
- I dette prosjektet har ein ei målsetting om at 40 % av den fisken som i dag går til dyrefôr eller silofôr, skal kunne brukast til menneskemat. Det er eit offensivt mål, og verdiskapingspotensialet er følgeleg også stort. Her snakkar vi også om å etablere heilt nye forretningsmodellar for servicenæringa tilknytt havbruk, seier Følling.
Servicebåt AS har med seg Havforskningsinstituttet og matforskingsinstituttet Nofima AS som partnarar i forskingsprosjektet.
For meir informasjon, kontakt Mons Ove Hauge, styreleiar i Servicebåt AS, på tlf. 957 64 178.
Skal fôre insekt med hushaldsavfall
Kan insektlarvar fôra opp på avfall frå hushald og næringsmiddelverksemd bli ei ny proteinkjelde for fôrindustrien? Det trur Vossa-bedrifta Invertapro AS, som får tre millionar kroner til å forske på temaet i samarbeid med renovasjonsselskapet BIR, Nibio Ullensvang og Havforskningsinstituttet.
Samtidig som fiskefôrindustrien er på leit etter proteinkjelder som kan erstatte fiskemjøl, er hushalds- og næringsavfall eit aukande problem. Berre på Vestlandet vart det motteke 465 000 tonn hushaldsavfall i 2016, og i tillegg kjem store mengder næringsavfall. Invertapro vil kartleggje moglegheitene for handsaming og sortering av dette materialet, slik at det kan brukast som fôr for insekt. Fleire artar av insektlarvar er effektive omdannarar av organisk materiale, og det har tidlegare vist seg at dei også er godt eigna som fiskefôr.
Forskarane skal mellom anna vurdere kva typar sortert og usortert organisk avfall som høver for ulike insektartar. Dei skal også analysere innhaldet av ønskte og uønskte stoff – som til dømes miljøgifter – i insektlarvar som er fôra opp på organisk avfall levert av lokale renovasjonsselskap.
- Dette er spennande forsking som byggjer vidare på mellom anna eit kvalifiseringsprosjekt støtta av RFF Vestlandet. Lukkast ein, kan ein her slå to fluger i ein smekk. Forskinga kan gi meir fornuftig utnytting av avfall som det berre vert meir og meir av, og samtidig bidra til at fiskefôrindustrien – som er særs viktig for Vestlandet – får meir berekraftige proteinkjelder enn ein har i dag, seier Følling.
For meir informasjon, kontakt Alexander Solstad Ringheim, dagleg leiar i Invertapro AS, på tlf. 417 24 383.
Sjølvgåande seglbøyer skannar havstraumane
Anderaa Data Instruments AS i Bergen får 1,95 millionar til å forske på bruken av sjølvgåande seglbøyer til måling av havstraumar i overflate og øvre vasslag. Menneskeleg aktivitet til havs aukar og vert stadig meir avansert, og både energinæringa, havbruksnæringa, forsking og forvalting får behov for stadig meir presis og hurtig informasjon om korleis havet til ei kvar tid oppfører seg.
Så langt har ein ikkje hatt gode og rimelege metodar for å samle inn data om havstraumar i eller nær overflata. Anderaa Data Instruments vil vise at ved å kombinere deira patenterte Doppler-teknologi med sjølvgåande seglbøyer utvikla av selskapet Offshore Sensing, kan ein både dekke enorme geografiske område på økonomisk overkommeleg vis og få overført gode sanntidsdata direkte til mottakar.
- Å bruke sjølvgåande fartøy til denne typen målingar, vil løyse mange av dei utfordringane ein ikkje får has på med faste installasjonar. I dette prosjektet koplar ein velprøvde teknologiar på nyskapande vis, og forskinga har truleg eit betydeleg kommersialiseringspotensial både heime og ute, seier Følling.
Anderaa Data Instruments AS skal gjennomføre forskinga i samarbeid med ConocoPhillips Scandinavia, Offshore Sensing AS, Meteorologisk Institutt og Akvaplan NIVA AS.
For meir informasjon, kontakt Inger Graves, Ocean & Coastal Business Development Leader i Anderaa Data Instruments AS, på tlf. 411 08 678.
Fiskefôr av CO2
Biosentrum AS får tre millionar til å finne ut korleis ein kan omdanne klimagassen CO2 til høgverdige fôringrediensar for akvakulturnæringa. Forskinga kan både gi ein positiv miljøeffekt gjennom redusert karbonavtrykk og bidra til at fiskefôrindustrien får berekraftige alternativ til fiskemjøl og fiskeolje.
Gjennom ulike typar gjæringsprosessar vil forskarane bruke CO2 som karbonkjelde og berekraftig produsert hydrogen som energikjelde for å produsere fleirumetta fettsyrer og protein av høg kvalitet. I Risavika byggjer ein i dag opp eit testsenter for utvikling av ny teknologi knytt til mellom anna gassbasert fermentering, bioenergi og CO2-handtering, og denne infrastrukturen vil sørgje for at tilstrekkeleg karbondioksid og hydrogen er tilgjengeleg for forskingsprosjektet.
- Dette er eit innovativt prosjekt med ein heilt ny innfallsvinkel til utfordringa med å skaffe nok fôr til ei veksande akvakulturnæring utan at det vert drive rovdrift på avgrensa naturressursar. Forsking som dette er viktig ikkje berre for Vestlandet og Noreg, men også i eit internasjonalt perspektiv, seier Følling.
Biosentrum AS vi gjennomføre forskinga i samarbeid med International Research Institute of Stavanger (IRIS), Norges miljø- og biovitenskapelige universitet (NMBU) og internasjonal industri.
For meir informasjon, kontakt Arild Johannessen, administrerande direktør for Biosentrum AS, på tlf. 934 65 292.
Superkondensator (effektbatteri) av treflis
Beyonder AS på Forus får tre millionar til utvikling av superkondensatorar, ein type elektrisk energilagring tilsvarande batteri, basert på aktivt karbon utvunne av restavfall frå treindustrien. Slike superkondensatorar gir betydeleg høgare effekt på kort tid samanlikna med tradisjonelle litiumionebatteri. Dei har likevel nokre utfordringar knytt til energitettleik og sjølvutlading, mellom anna fordi karbonstrukturen ikkje er heilt optimal, og energien kan forsvinne ut litt for raskt.
Desse utfordringane vil Beyonder AS løyse i samarbeid med forskarar frå NTNU. Målet er å utvikle superkondensatorar med meir stabilt karbon, laga av billeg og miljøvennleg materiale, slik at dei kan ha meir energi og halde på den i lengre tid enn løysingane som finst i dag. Slike effektbatteri vil vere svært eigna for marin transport og for drift av kranar og andre innrettingar der det er behov for periodevis høg yting for å foreta tunge løft eller liknande operasjonar.
- Dette er forsking der ein tek sikte på å auke ytings- og lagringspotensialet i ein type batteri som kan bli svært viktig for elektrifiseringa av sjøtransport og anna energikrevjande marin og industriell verksemd. At ein også satsar på berekraftig utnytting av avfall frå skogsdrift, må sjåast som eit pluss, seier Følling.
For meir informasjon, kontakt Svein Kvernstuen, administrerande direktør for Beyonder AS, på tlf. 415 11 511.
Kvalifiseringsstøtte til ni søkjarar
Ni søkjarar frå næringsliv og kommunal sektor får til saman 3,7 millionar kroner i kvalifiseringsstøtte frå RFF Vestlandet i denne tildelinga.
- Å utvikle gode forskingsprosjekt tar tid og kan vere krevjande, kanskje særleg for mindre bedrifter og kommunar utan erfaring frå forskingssamarbeid. Målet med kvalifiseringsstøtta er å gje fleire moglegheit til å utvikle gode forskings- og utviklingsprosjekt som kan kvalifisere til vidare støtte, enten frå oss eller gjennom andre ordningar, seier Følling.
- Ei undersøking vi gjennomførte i 2017, viste at kvalifiseringsstøtta fungerer etter hensikta. 60 % av dei som gjennomførte eit kvalifiseringsprosjekt med støtte frå RFF Vestlandet, søkte seinare om midlar til større forskingsprosjekt. Av desse fekk 75 % innvilga søknadene sine og vart tildelt mellom ein og åtte millionar i nye forskingsmidlar, seier Følling.
Nye utlysingar
RFF Vestlandet har laupande mottak av søknader om kvalifiseringsstøtte. Nye søknader mottekne innan 6. august 2018, vert behandla på styremøte i september. Neste utlysing av forskingsmidlar til regionale bedriftsprosjekt og regionale offentlege prosjekt i kommunal sektor, vil få søknadsfrist i februar 2019.