Auka satsing på berekraftig fôr
Regjeringa foreslår å auke satsinga på samfunnsoppdraget om berekraftig fôr med 15 millionar kroner.
– Samfunnsoppdraget skal bidra til berekraftig produksjon av fôr basert på meir norske råvarer, og vil kunne redusere klimautslepp og styrkje sjølvforsyningsgraden vår, seier fiskeri- og havminister Marianne Sivertsen Næss (Ap).
Meir til forsking og utvikling
Regjeringa foreslår å styrkje innsatsen for å følgje opp samfunnsoppdraget med 15 millionar kroner i 2025. Midlane skal sikre framdrift og kontinuitet i arbeidet, styrkje forskingsinnsatsen på fôrområdet og bidra til å identifisere eventuelle kunnskapshol av betydning for det vidare arbeidet med regelverksarbeid på området.
- Skal me styrka beredskapen og sjølvforsyninga må meir av kraftfôr og fiskefôr produserast på norske ressursar. Det vil òg gjera fôret meir berekraftig. Den forsterka innsatsen me legg ned no, skal sikra framdrift i samfunnsoppdraget. Han skal òg bidra til ein heilskapleg og koordinert innsats for forsking og utvikling som dekker heile utviklingsløpet frå idé til marknad, seier landbruks- og matminister Geir Pollestad (Sp).
I statsbudsjettet er det også foreslått en bevilgning på 12,4 millioner kroner til Prisrådet, som ble opprettet 1 januar 2024, og har som oppgave å fastsette bindende priser til bruk ved beregning av grunnrenteskattepliktig inntekt.