– Ei stigande interesse for arbeid i næringa
Onsdag ettermiddag sto Salmon Group, YoungFish og Osland Havbruk på stand under karrieremessa til Framtidsfylket i Grieghallen. - Dette er tredje året vi har delteke på messa, og det var råd å merke ei stigande interesse for arbeid i næringa, melder Salmon Group.
Denne artikkelen er tre år eller eldre.
Karrieremessa til Framtidsfylket har som primær oppgåve å rekruttere ungdom til arbeid i Sogn og Fjordane. Osland Havbruk marknadsførte og sommarjobbar til unge under utdanning, for å la dei prøve seg i næringa og i bygda.
- Mange unge ynskjer ein slik sjanse, og spesielt biologistudentar synte interesse for tilbodet. Frå før har Salmon Group eit samarbeid med Linjeforeningen for fiskehelse- og havbruksbiologi ved UiB, der vi mellom anna formidlar praksisjobbar til studentar, melder Salmon Group.
Får med ungdommen
- I år som i fjor hadde vi med oss unge frå YoungFish for å hjelpe til på standen. Dette sikrar førstehandskunnskap for unge gjestar som er interesserte i kva næringa kan by på. Medan det tidlegare har vore hovudsakleg biologar som forhøyrer seg om jobb i næringa, var det i år eit langt større spekter av kompetanse som ville diskutere sine moglegheiter. Ingeniørar, økonomar og kjemikarar var mellom dei som vitja standen for ein god prat, opplyser mediekontakt Øyvind Kråkås i Salmon Group.