Satt ut yngel frå genbanken i Melselva
Sven-Helge Pedersen frå Hardangerfjord villfisklag og Gry Walle frå Fylkesmannen i Hordaland satte ut 3.700 lakseyngel i Melselva i Kvinnherad denne veka.
Denne artikkelen er tre år eller eldre.
Arbeidet med å berga og auka villfiskbestandane i elvane i Hordaland pågår for fullt. I går fekk nærare 3.700 yngel kjenna på livet i Melselva for aller fyrste gong, ifølge lokalavisa Grenda.
Sven-Helge Pedersen frå Hardangerfjord villfisklag og Gry Walle frå Fylkesmannen i Hordaland stod i sentrum av arbeidet med å sette ut yngel i elva.
– No skal vi setja ut overskotsyngelen frå genbanken i Eidfjord, både for å halda oppe bestanden og fordi det ville vore synd å øydeleggja den, opplyste fiskeforvaltar Walle, som opphavleg er frå Omvikdalen i Kvinnherad kommune.
Ho kunne samstundes fortelja at Kvinnherad er den kommunen som har levert flest fiskar til genbanken, skriv avisa.