Settefiskanlegg. Foto: Fylkesmannen i Hordaland.

Variert miljøtilstand på settefiskanlegga i Hordaland

Dei siste fem åra har Fylkesmannen gjennomført tilsyn ved alle dei 29 verksemdene og dei fleste av dei 45 settefiskanlegga i fylket. Fem anlegg hadde ingen avvik, men mange anlegg mangla mål for miljøtilstand i resipienten.

Publisert Sist oppdatert

Denne artikkelen er tre år eller eldre.

Også risikovurderingane var mangelfulle på mange anlegg, opplyser Fylkesmannen i Hordaland i ein rapport på heimesida deira.

Kyst.no gjengjev heile rapporten under. 

Utslepp frå settefiskanlegg er i hovudsak organisk materiale i form av spillfôr, ekskrement og næringssalt. Bruk av kjemikal er i hovudsak avgrensa til reingjerings- og desinfeksjonsmiddel. Utviklinga av vaksiner har ført til lågt forbruk av medisin.

Anlegga med størst produksjonskapasitet har fått krav om reinsing av avløpsvatnet. For 78 prosent av biomasseproduksjonen er det sett krav om reinsing av avløpsvatnet i løyva. I praksis inneber reinsekravet at anlegga ikkje skal ha utslepp av partikulært organisk materiale.

Fylkesmannen sitt tilsyn

Fylkesmannen driv tilsyn etter forureiningslova, produktkontrollova og internkontrollforskrifta. God internkontroll, med gode system og rutinar, vil hindre at verksemdene unngår uakseptabel forureining av resipienten og fjordsystema, opplyser innstansen.

Tema som blir kontrollert er om verksemdene har : 

  • anleggsspesifikke og konkrete miljømål
  • gjort risikovurderingar i høve til ytre miljø
  • system for registrering og oppfølging av avvik
  • god nok kunnskap og oversikt over korleis drifta påverkar resipienten
  • utsleppskontroll og måleprogram
  • god lagring og handtering av farleg avfall og kjemikal i høve til fare for utslepp
  • reinseanlegg og utsleppsarrangement for avløpsvatn, inkludert overløp
  • god drift og førebyggande vedlikehald av utsleppsrelatert utstyr
  • I tillegg til desse tema kan det vere spesielle krav i utsleppsløyve som vert fulgt opp.
Regnbogeaure og avløp Foto: Fylkesmannen i Hordaland.

Flest avvik innan tema miljømål 

  • Vi fann flest avvik knytt til miljømål. Mange anlegg har ikkje sett mål for miljøtilstand i resipienten, eller at dei miljømåla som er sette ikkje er målbare. Vidare fann vi manglar ved risikovurderingane og kontroll med og kunnskap om kva som skjer med utsleppa. I tillegg fann vi fleire avvik på utsleppsløyvene som er gitt av Fylkesmannen, skriv dei vidare.

Dei finn minst avvik finn i innafor tema avvikshandtering. Årsaka til det meiner dei er at avvikhandteringa er del av kvalitetsarbeidet i verksemdene, og meinar dei er flinke til å kvalitetssikre produksjonen.

Ser stor variasjon mellom anlegga

Fylkesmannen fann avvik på 84 prosent av tilsyna. Dei fem settefiskanlegga der vi ikkje fann avvik, var eigd av større konsern. Dette er i samsvar med vårt generelle inntrykk av at dei store konserna har betre grep om internkontrollen og miljøkrava. Men variasjonen er stor.

Denne delen av oppdrettsnæringa er i endring. Utviklinga går på fleire område.

Anlegga er av svært ulik storleik, sjå figur 1.

Figur 1: Prosentandel av anlegga der Fylkesmannen fann avvik innafor gitt tema.

Dei 10 største anlegga har i snitt løyve til ein årleg biomasseproduksjon på 1.550 tonn, medan dei 10 minste i snitt har løyve til 45 tonn biomasseproduksjon. Utviklinga går i retning av færre, men større anlegg, opplysar dei.

Flest avvik fann dei hos små, sjølvstendige anlegg der det er få tilsette. Desse verksemdene har i hovudsak fokus på produksjon og i mindre grad på dokumentasjon som syner at dei setter miljøkrava.

Tilsyn er ein vinn – vinn situasjon

Tilsyn er både kontroll og rettleiing. Verksemdene får rettleiing til å ta omsyn til ytre miljø og forbetra sine system. Samstundes blir Fylkesmannen betre kjend med verksemdene og får kunnskap som er nyttig for å sette gode miljøkrav i utsleppsløyve. Samspel mellom næring og forvaltning er naudsynt.

Alle tilsynsrapportane er tilgjengeleg på www.norskeutslipp.no

Oppfølging av anlegga

Oppdrettsnæringa rapporterer produksjonsdata og miljøgranskingar (MOM-granskingar) inn i Altinn, men dette gjeld ikkje for settefiskanlegga. Desse er ikkje pålagt å registrere produksjon eller miljøgranskingar. Det er arbeid i gang med å få på plass rapporteringssystem.

Fylkesmannen vil halde fram med tilsyn på settefiskanlegga for å bidra til at næringa følgjer dei lovpålagte krava til miljøomsyn.

Utviklinga i settefisknæringa

Figur 2: Fordeling av avvik innafor tema for dei 32 kontrollerte anlegga.

Denne delen av oppdrettsnæringa er i endring. Utviklinga går på fleire område, skriv dei vidare.

Anlegga er av svært ulik storleik, sjå figur 1.

Dei 10 største anlegga har i snitt løyve til ein årleg biomasseproduksjon på 1.550 tonn, medan de 10 minste har i snitt løyve til 45 tonn biomasseproduksjon. Utviklinga går i retning av færre, men større anlegg.

De skriver at fleire anlegg tar i bruk resirkuleringsteknologi, både for å auke produksjonen og for å verte mindre avhengig av vassmengdene. Det blir produsert større settefisk, og grensa for maksimal individvekt er fjerna. Næringa har tru på at produksjon av stor settefisk på land kan vere eit verkemiddel i kampen mot lakselusa, samstundes som produksjonstida i sjø går ned.

Vanleg storleik på smolt har vore kring 100 gram. Då utgjer utsleppa frå smoltproduksjonen 2 – 3 prosent av dei samla utsleppa frå laksenæringa. Dersom storleiken på settefisken blir auka til 500 g, vil utslepp frå den landbaserte delen av lakse- og aureproduksjonen auke til nær 15 prosent. Når settefiskanlegga ligg inne i fjordbotnar og har utslepp til mindre eigna resipientar, blir det viktig å ha kontroll med utsleppa.

Produksjonen i Hordaland har dei siste åra vore mellom 60 og 70 millionar settefisk, samstundes som det er gjeve løyver for produksjon av 155 millionar settefisk. Næringa kan meir enn doble produksjonen innafor dei løyva som er gitt, kjem det fram i rapporten til Fylkesmannen.

Figur 3: Storleik på dei 45 aktive settefiskanlegga i Hordland målt eller ramma i utsleppsløyvet.

Figur 3: Storleik på dei 45 aktive settefiskanlegga i Hordland målt eller ramma i utsleppsløyvet.