Vil ha reinsing av alle utslepp frå smoltanlegg
Ei rekke smoltanlegg har ikkje krav til å reinse utsleppa sine. No er Jeger og Fiskarforbundet (NJFF) lei forureininga, melder NRK.
Denne artikkelen er tre år eller eldre.
Smoltanlegga som stammar frå 80- og 90-talet har ikkje krav på seg om å reinsa utsleppa sine. Det reagerer NJFF på. Dei krev at styresmaktene skjerpar utsleppsløyva, for dei meiner utsleppa mellom anna held liv i rømd oppdrettsfisk.
Dei 16 største og nyaste anlegga i Hordaland har reinsekrav på seg, opplyser Fylkesmannen si miljøvernavdeling. Det er dei som har ansvaret for å gi løyva.
– Dei 16 av 45 anlegga står for 78 prosent av den totale produksjonskapasiteten, fortel Tom N. Pedersen til NRK.