
Låg risiko for overgjødsling frå fiskeoppdrett
Nye modellberekningar viser at utslepp av næringssalt frå oppdrettsanlegg ikkje fører til overgjødsling i produksjonsområde 3 (Karmøy–Sotra).
I Havforskningsinstituttets årlege rapport presenteres forskarane sine risikoanalysar av dyrevelferd og miljøeffektar av fiskeoppdrett. Les hele rapporten her.
Fremleggelse av Risikorapport for norsk fiskeoppdrett 2025 leggjast fram i dag, og streaming av sendinga kan man sjå her.
HI skriv at dette er det mest oppdrettsintensive produksjonsområdet langs kysten. Dei nye berekningane er gjort ved hjelp av Havforskingsinstituttet sine straummodellar.
– Resultata viser at næringsstoff blir tynna fort ut i område med gode straumforhold, seier havforskar Solfrid Hjøllo.
Dette kjem også fram i årets Risikorapport norsk fiskeoppdrett.
Har modellert utslepp av næringsstoff med ny modell
Det er første gang denne type modellberekningar er gjort på effektar av utslepp av næringsstoff frå oppdrett.
Fordelen med denne modellen er at den i større grad tek omsyn til kva vassmassane allereie inneheld av næringsstoff enn meir tradisjonelle berekningar.
– Den suverent største kjelda for næringsstoff i sjøvatnet i fjordane våre er tilførsla som skjer i form av straumane som frakter næringsrikt vatn inn frå kysten, seier Hjøllo.
– Bidraget frå oppdrettsanlegga utgjer omtrent 10 prosent av den totale tilførsla, dette er ikkje nok til at større område blir overgjødsla, seier ho.
Førebels er dei nye berekningane berre gjort for området frå Karmøy til Sotra (produksjonsområde 3), men resultatet er så tydeleg at forskarane estimerer at risikoen for overgjødsling av kystvatn er låg i alle produksjonsområda langs kysten.
Modellresultatet blir støtta av overvakingsdata
Langs kysten frå Ryfylke til Stadt (produksjonsområde 2, 3 og 4) har forskarane gode overvakingsdata på overgjødsling, eller eutrofiering som det blir kalla på fagspråket.
– Desse dataa støtter opp om resultata som vi får frå modellane, og er dermed med på å stadfeste modellresultata i produksjonsområde 3, seier Hjøllo.
Modellberekningane gir sikrare svar
Også tidlegare har Havforskingsinstituttet påpeika at det i dei fleste områda er små sjansar for overgjødsling. Modellberekningane stadfester dette.
– Nye metodar kan nokre gongar medføre at tilstandsvurderingane blir endra, men i dette tilfellet støtter resultata opp under tidlegare konklusjonar, avsluttar Hjøllo.