Ro Server har kosta 350 millionar – No er den klar for innsats
Tolv Salmon Group-aktørar har samarbeida om å få realisert brønnbåten Ro Server, som skal bli lakselusas store trussel. No står båten klar og skal døypast 18. juni i Florø.
Denne artikkelen er tre år eller eldre.
I mars 2015 kom det på plass ein avtale mellom Rostein AS og 11 oppdrettarar i Salmon Group om å få bygd ein moderne brønnbåt, melder Firdaposten.
15 månader etter avtalen vart signert, ligg Ro Server ferdig utrusta hos Larsens Mek Verksted på Sunnmøre. Elleve oppdrettarar har no vorte til tolv.
- Få til noko ekstraordinært
18 juni blir båten døypt i Florø i samband med Laksens Dag. I timane før skipsdåpen er det open båt for dei som vil sjå nærare på det nye flaggskipet i oppdrettsnæringa.
– Vi oppdaga raskt oppdrettaranes sterke vilje til å få til noko ekstraordinært, seier viseadministrerande direktør i Rostein, Glen Bradly.
– I staden for å jakte på små innsparingar og gårsdagens løysingar, var dei heile tida klare på at dei ville ha eit nybygg med fokus på berekraft og miljø. Det lokale fotavtrykket skal vere minst mogleg, og laksen skal ha det best mogleg, seier Bradley til Firdaposten.
Båten er energieffektiv og kan frakte cirka 500 tonn levande laks. Inkludert alt utstyret om bord kostar båten rundt 350 millionar kroner.
Dei tolv oppdrettarane som har gått saman er:
- Steinvik Fiskefarm
- Osland Havbruk
- Sandnes Fiskeoppdrett
- Svanøy Havbruk
- Flokenes Fiskefarm
- Marø Havbruk
- Karstensen Fiskeoppdrett
- Landøy Fiskeoppdrett
- Nordfjord Laks
- Sulefisk
- Aqua Farms Vartdal
- Strømmen lakseoppdrett