Skulle frakte laks - No er skipssatsinga kravd konkurs av tilsett
1. september opna Magnar Hellesøy kontoret til Green Ship Design i Rosendal. No er selskapet kravd konkurs av tilsett.
Denne artikkelen er tre år eller eldre.
I følgje berammingslistene til Sunnhordland Tingrett skal det 16. februar haldast «rettsmøte til behandling av konkursbegjæring».
- Eg har ingen kommentar til saka før me har vore i tingretten, seier Jan Evald Sørensen Såtendal som står som eine parten i saka til lokalavisa Grenda.
Grenda har ikkje lukkast å koma i kontakt med Hellesøy for å få hans kommentar til at bedrifta hans må møta i tingretten.
Selskapet Magnar Hellesøy oppretta hadde store planar for blant anna lakseeksport med hurtiggåande katamaranar frå Vestlandet til Rotterdam i Nederland på 18 timar.