Svanøylaks får Spesialitetsmerke
Landbruksavdelinga hos Fylkesmannen i Sogn og Fjordane informerete tysdag om at Svanøy Røykeri har fått tildelt Spesialitetsmerke, ifølge Firda.
Denne artikkelen er tre år eller eldre.
– Det er veldig stas. Vi søkte om merket i fjor, og sende produktar til ein jury for smaksbedømming 17. desember. Det er strenge krav til Spesialitetsmerket, så dette er vi veldig glade for, seier dagleg leiar Gro Tveit Sveen til avisa
Den offisielle mottakinga av Spesialitetsmerket føregjekk på Svanøy onsdag.
– Vi håper med dette å få eit kvalitetsstempel ute i marknaden, med høgt fokus på kvalitet, både med råvarer og gjennom heile produksjonsprosessen. Vi saltar, røyker og filtrerer på gamlemåten, og laksen som vert røykt, kjem frå eige anlegg, fortel Tveit Sveen.
Spesialitetsmerke er eigd av Matmerk, ein uavhengig stifting som skal bidra til auka mangfald, kvalitet og verdiskaping i norsk matproduksjon.