Kysten må få bruke ute-stemma!
Aps næringspolitiske talsperson, Per Vidar Kjølmoen, har bedt tillitsvalde i havbruksnæringa dempe kritikken og bruke «innestemme» i omtalen av Ap/Sp-regjeringa sitt forslag til statsbudsjett.
Eg ser ingen grunn til at verken tillitsvalde eller andre kystfolk bør avgrense seg til å bruke «innestemme» for å seie frå om alvoret i statsbudsjettet som no er lagt fram. Dette handlar ikkje berre om grunnrenteskatten isolert sett, sjølv om den i seg sjølv rammar langt hardare og breiare enn det regjeringa framtstiller det som. Dette handlar om eit statsbudsjett med ein historisk stor skatteauke til næringslivet – nærare 50 milliardar kroner – som i særleg grad rammar dei store, grøne næringane langs kysten.
Ap og Sp framstiller det som om små og mellomstore kystbedrifter blir skjerma i budsjettforslaget regjeringa no har lagt fram. Det er ikkje sant. Heile kystnæringslivet – både store og små bedrifter – vil bli sterkt ramma av Ap/Sp-regjeringa si «skattebombe» av eit statsbudsjett. Og dei kan bli endå hardare ramma når Ap og Sp no skal forhandle budsjett med SV.
Regjeringa foreslår i tillegg til grunnrenteskatt å skjerpe formueskatten kraftig, samtidig som også utbytteskatten blir auka. Det betyr at eigarar av små og store lokalt eigde bedrifter langs kysten kjem i ein dobbelt – for ikkje å seie trippel – skvis. Ikke berre må dei betale både ny grunnrenteskatt og auka formuesskatt. Dei må også ta ut høgare utbytte for å dekke desse skatteaukene, og så på toppen betale endå meir skatt enn før på det utbyttet dei blir tvinga til å ta ut.
Dette er pengar som skulle ha blitt brukt til investeringar i lokalt næringsliv langs heile kyst-Noreg – investeringar som det no ikkje blir noko av. Investeringar for fleire titals milliardar langs kysten er allereie lagt på is.
Det er difor både små og store bedrifter og tillitsvalde i kystnæringane no reagerer så sterkt, saman med svært mange av Ap og Sp sine lokalpolitikarar. Heilskapen i skatteopplegget regjeringa har lagt fram er umulig for Venstre å akseptere, fordi det riv beina under havbruksnæringa, den maritime industrien og andre framtidsnæringar langs kysten. Ap/Sp-regjeringa skjermar offentleg sektor og lar næringslivet betale rekninga når økonomien skal strammast inn. Det er distriktsfiendtleg og dårleg politikk, som Venstre er dønn imot.
Så er det ikkje tid for å bruke utestemme no, så er det det aldri. Det er ingen motsetnad mellom å snakke høgt og å halde seg til saka, sjølv om det er aldri så ubehageleg for Ap- og Sp-politikarar på Stortinget.