Fiskeri- og sjømatsministeren til London
Nærings- og fiskeridepartementet skriver i en pressemelding om at Harald T. Nesvik skal til Storbritannia neste uke.
Denne artikkelen er tre år eller eldre.
Storbritannia er Noregs største handelspartnar. I 2018 eksporterte Noreg for 212 milliardar kroner til landet, og importerte for 38 milliardar kroner. Storbritannia er også den viktigaste enkeltmarknaden for norsk skipsfartsnæring.
Sjømat og brexit
Brexit blir en av temaene når fiskeri- og sjømatsminister Harald T. Nesvik møter sin britiske kollega, George Eustice, 12. september.
I dag forvaltar vi fleire bestandar saman med EU. Etter brexit vil Storbritannia bli ein viktig fiskerinasjon, som vi må finne felles avtaler med.
- Eg er glad for at vi har fått viktige avklaringar om marknadstilgong, i tilfelle britane forlét EU utan ei avtale. Det er likevel usikkert korleis brexit i praksis vil slå ut for handelen med sjømat. Brexit vil også få store konsekvensar for forvaltinga av felles fiskebestandar, men vi har nær og god kontakt med våre britiske kollegaer, seier fiskeriminister Harald T. Nesvik.
Sjømat står for om lag 20 % av den norske fastlandseksporten til Storbritannia og verdien var på over seks milliardar kroner i 2018. Storbritannia er den fjerde viktigaste marknaden for norsk sjømat.