Skal promotere norsk sjømat i Asia
Fiskeriminister Harald T. Nesvik reiser til Sør-Korea frå 14. til 17. oktober, for å fremje norsk sjømat på ein stadig viktigare marknad.
Denne artikkelen er tre år eller eldre.
Sør-Korea har i løpet av dei siste åra utvikla seg til å bli ein viktig eksportmarknad for norsk sjømat. I 2018 eksporterte Noreg sjømat til Sør-Korea for 2,7 milliardar kroner, ein vekst på 15 prosent frå 2017.
- Eg ser fram til å besøke Sør-Korea, for å bidra til å gjere norsk sjømat meir synleg og sterkare posisjonert. Sjølv om eksporten har auka betydeleg dei siste åra, utgjer norsk sjømat berre 1,4 prosent av den totale marknaden, seier Nesvik.
Stort potensiale
Interessa for Sør-Korea er stor blant norske aktørar, og det er sterk interesse for norsk sjømat i koreansk verdikjede. I løpet av besøket vil fiskeriministeren delta på næringslivsseminar, ha politiske samtaler og besøke bedrifter.
- Den store marknaden kombinert med eit auka konsum gjer at potensialet framleis er stort. Difor vil eg leggje vekt på mogelegheitene for norsk sjømat og generell omdømebygging, både gjennom kontakt med myndigheitene og næringa, seier fiskeriministeren.