Kjelda til lakserømming i midtre Hardanger er funnen
Det skriv Fiskeridirektoratet i ei pressemelding.
Denne artikkelen er tre år eller eldre.
Etter inspeksjon med ROV i går, 21. juni, vart det oppdaga skader på not på Bremnes Seashore AS sin lokalitet Apalviknes og Fiskeridirektoratet fekk rømmingsmelding frå selskapet.
Bremnes Seashore AS sikra skaden, kontakta dykkarar og sette i gang gjenfangsfiske ved lokaliteten.
Omfanget av rømminga er ikkje kjent, men observasjonar og fangst av rømt fisk i midtre Hardanger vert knytt til denne rømminga.
Gjeldande fiskereglar må følgjast
Fiskeridirektoratet vil gje pålegg om utvida gjenfangstfiske. På grunn av sårbare villfiskbestandar i området er det berre selskapet som kan drive garnfiske i samband med desse gjenfangstaktivitetene.
Ynskjer tips
Fiskeridirektoratet oppmodar folk om å melde inn observasjonar og fangst av mogeleg rømt oppdrettsfisk (teke på stong) i Hardangerfjordbassenget til vår døgnopne vaktsentral på telefon: 03415.