Setter i verk tiltak for å hindre rømt fisk i vassdraga i Hardanger under gytetida
Etter at Lingalaks AS i forrige veke blei pålagd å overvake og drive utfisking i ei rekke vassdrag, foregår det no planlegging. Tilbod frå kvalifisert personell vert henta inn og overvakinga skal starte så raskt som råd.
Denne artikkelen er tre år eller eldre.
Etter rømminga frå Lingalaks AS sin lokalitet Bergadalen ved Varaldsøy er selskapet pålagd å overvake omlag 20 elver fram mot gytetida for villaksen. Om det vert observert rømt fisk skal selskapet sette i verk utfisking fortløpande.
Elvar som skal overvakast er:
Austrepollelva, Bondhuselva, Eidfjordvassdraget, Etneelva nedstraums fella, Fjæraelva, Fosselva, Granvinsvassdraget, Guddalselva, Jondalselva, Kinso, Omvikedalselva, Osa, Rosendalselvene, Sima, Steindalselva, Strandadalselva, Uskedalselva, Æneselva og Øysteseelva.
Les også: - Framleis mykje røymd fisk i Hardangerfjorden
Målet er ingen oppdrettsfisk i vassdraga under gytetida.
Arbeidet skal utførast av kvalifisert personell, og selskapet har henta inn tilbod for å leige inn dei naudsynte ressursane. Lingalaks har fått kort frist til å planleggje tiltaka og leggje desse fram for forvaltinga. Fiskeridirektoratet har innkalla Lingalaks til eit møte onsdag i neste veke for å diskutere status for dei planlagde tiltaka.
- Vi forventar at overvakinga tek til i juli, og målet er at det ikkje skal stå att fisk frå rømminga i dei nemnde vassdraga under gytetida, seier seksjonssjef for forvalting i region Vest, Leni Marie Lisæter.
Lingalaks er også pålagd å utarbeide ein rapport om gjenfangsten og utfiskinga i vassdraga. Den vil verte offentleggjort.
Ikkje mistanke om andre rømmingar
Selskapet si oppteljing viste at det rømte 36 700 oppdrettslaks med ei snittvekt på 3,6 kg. Det har tidlegare vore utbrot av sjukdomen PD på lokaliteten, og det er difor stor spreiing i vekt og kondisjon på individa. Det meste av fisken er mellom 2 og 5 kg.
Fiskeridirektoratet har vore i kontakt med andre selskap som har fisk i denne kategorien og har ingen mistanke om andre rømmingar i området.
Les også: Rømminga i Hardanger oppdaga under Thermolicerbehandling
Les også: – Lingalaks tar rømmingen på alvor
- Vi påla også selskapet utvida gjenfangst i sjø etter rømminga og det er registrert gjenfangst av om lag 11 000 individ. Gjenfangstfisket i sjø er avslutta av omsyn til vill laks og sjøaure, seier Lisæter.
Resultatlause forsøk med ruser
Det er observert rømt oppdrettslaks fleire stader i fjorden og i nokre av vassdraga. I Steinsdalselva er det gjort forsøk med ruser for å fange den rømte fisken, men dette har ikkje gitt noko resultat og forsøket er difor avslutta.
Ynskjer fortsatt tips:
Direktoratet oppmodar folk om å melde inn observasjonar og fangst av mogeleg rømt oppdrettsfisk til deira døgnopne vaktsentral: tlf. 03415.