Solskjær-selskap investerer i «Egget»
«Egget», som er under produksjon hos Herde Kompositt i Ølve, skal vera ein av hovudgrunnane til at Ole Gunnar Solskjær og Akvakulturpartner AS no har kjøpt seg opp i Hauge Aqua.
Denne artikkelen er tre år eller eldre.
Totalt skal investeringsselskapet Akvakulturpartner AS, som Manchester United-manager Ole Gunnar Solskjær eig 20 prosent av, ha gått inn med 23 millionar kroner (12,15 prosent) i Hauge Aqua.
Det skriv Kapital.no torsdag.
Hauge Aqua skal etter planen setja ut verdas første oppdrettsanlegg forma som eit stort egg i Romsdalsfjorden neste år. Egget blir produsert av Herde Kompositt AS i Ølve, og skal vera hovudgrunnen til at Ole Gunnar Solskjær og Akvakulturpartner AS bestemte seg for å kjøpa seg opp i Hauge Aqua.
- Det som trigga oss var det høgteknologiske lakse-egget. Vi har på lange proteinbriller, seier administrerande direktør, styreleiar og medeigar Bjørn-Vegard Løvik i Akvakulturpartner AS til Kapital.no.
- Det er fantastisk morosamt og givande å få lov til å vera med på å produsera laks på denne måten. Samtidig trur vi at dette vil vera ei skikkeleg god investering, seier Løvik til avisa.
- Veldig kjekt at det vart Ølve
Investeringsselskapet Akvakulturpartner AS vart registrert i september i fjor. På eigarsida finn vi blant anna Ole Gunnar Solskjær og hans selskap Grip Management AS med 20 prosent og storagent Jim Solbakken og hans selskap Sir Solution AS med 20 prosent. I tillegg eig Asinvest AS, Hjelvik Gruppen AS og Prophylaxia AS 20 prosent kvar i investeringsselskapet.
På spørsmål frå Kapital om kor involvert og interessert Solskjær er i Hauge Aqua og «Egget», svarar Løvik at Manchester United-manageren ikkje legg seg borti vurderingar av strategisk art.
- Solskjær er manager i United, og eg er manager i Akvakulturpartner. Eg heier på United, og han heier på Akvakulturpartner. Det er ikkje slik at han legg seg borti vurderingar av strategisk art, men han er med på å investera om det dukkar opp nye, spennande og berekraftige prosjekt innan akvakultur som vi vurderer som interessante, seier Løvik.