Kontraherer nødslaktefartøy med eigenutvikla ELAX sortering
Servicebåt As fekk nyleg tildelt forskingsmidlar frå Regionale Forskningsfond Vest og desse midlane saman med fleire avtaler om bruk av eit ferdig fartøy gjer at selskapet idag kunne signere kontrakt med Fitjar Mekaniske Verkstad (FMV) om bygging av eit nytt nødslaktefartøy med eigenutvikla ELAX konsept ombord.
Denne artikkelen er tre år eller eldre.
Gründarane bak reiarlaget Servicebåt AS frå Austevoll, Magne Hatlevik, Ståle Torsvik og Mons-Ove Hauge har i fleire år jobba med utviklinga av eit nytt konsept med hurtig og automatisk sortering av innsamla skada fisk, under og etter ei eller anna form for mekanisk handtering av laks og ørret. Selskapet har hatt med seg forskningspartnarar frå Havforskningsinstituttet og Nofima med stor kompetanse på elektrisk bedøving, fiskevelferd og kvalitet.
Forprosjektet i vinter dokumenterte at ELAX metoden (patent pending) er særdeles effektiv og resultata viste at ein med dette systemet truleg kan berga opp mot 100 % av fisken som i dag vert skada og døyr i samband med ulike mekaniske handteringar på sjølokalitetar. Konseptet går ut på å fortløpande samle inn skada fisk under ei behandling og sørge for rask og effektivt bedøving og bløgging før den vert lagra ferdig utblødd på kjøletankar fram til lossing på slakteri. Det unike er ELAX systemet som raskt og automatisk skil ut eventuelle allereie døde fisk og sikrar at ingen av desse kjem med i behandlinga og lagringa av fisk som skal til human konsum.
Satsinga med nødslaktefartøy vert samla i eit eige selskap og dei gode resultata i vinter har vakt såpass oppsikt at fleire oppdrettarar og andre no vert med på eigarsida av det nye fartøyet. Langøylaks AS og Troland Lakseoppdrett AS frå Austevoll vert begge medeigarar og ser fram til å få anledning til å berge all fisk som elles ville stått i fare for å ende opp som ensilasje under ulike behandlingar.
- Det er klart at me ser etter stadige forbetringar i drifta vår og skulle aller helst unngått all form for behandling av fisk som medfører fare for dødelighet. Men eit slikt konsept som reduserer dødelegheita med henimot 100 % under ulike nødvendige mekaniske handteringar er noko som verkeleg gjer utslag på driftsresultata våre, samstundes som det utgjer ein svært viktig forbetring av fiskevelferd i slike nødssituasjonar seier dagleg leiar i Langøylaks As, Karsten Inge Møgster.
- Eit slikt fartøy og løysing skulle me hatt på plass for lenge sidan, seier Ole Morten Troland i Troland Lakseoppdrett AS, men no gler me oss til båten er på plass neste sommar og ser fram til å få det klart til bruk om ein nødssituasjon skulle oppstå. Me har god tru på at det er mange oppdrettarar som vil sjå stor nytte av å bruka denne båten til å berge fisken sin når fartøyet ikkje er i teneste hjå oss, seier han.
Reiarlaget har hatt eit svært godt utviklingssamarbeid med FMV og Heimli Ship Design og ein har vore innom mange ulike størrelsar og løysningar før ein no har landa på eit svært effektivt design. Fartøyet vil måle knappe 26 meter i lengde (loa) og ha ei bredde på knappe 10 meter. Det får ein lastekapasitet på 140 tonn bløgga fisk og kan dermed også nyttast til ordinært slaktefartøy med bløgging på merdkanten før fisken vert frakta ferdig kjølt til vidareforedlingsanlegg.
Fartøyet vert elles utrusta med kranar, vinsjar, slepekrok og ROV slik at det kan operere som fullverdig hjelpefartøy under ei fiskebehandling, samstundes som det pumpar opp eventuell fisk som vert skada i behandlinga. All skada fisk som vert samla inn og avliva på rett måte vert på den måten ein reell verdi for oppdrettar, heller enn ein ekstra fordyrande produksjonsutgift.
Fartøyet har ulike innsamlingsløysingar med seg på dekk og får blant anna ei stor fiskepumpe som kan håndtere stor slaktefisk på over 7 kg. Denne pumpa vil og vert nytta til å losse eget fartøy ved fabrikk.
- Ein relativt lang utviklings- og testperiode vert endeleg toppa med kontrahering av eit fartøy til dette konseptet. Det er svært inspirerande å sjå at ideane våre vert godt motteke, og at både kundar og forskingsmiljø gjev oss tiltru til å ferdigstille det første nye fartøyet med denne løysinga om bord. Båten skal være klar til neste sommar og me trur at dette er berre starten på mange slike fartøy frametter og ser fram til utviklinga», seier styreleiar i Servicebåt AS, Mons-Ove Hauge.