Kommuneøkonomi redda av havbruksfondet
Kvinnherad kommune fekk eit solid overskot i 2018. Men utan overføringa frå havbruksfondet hadde rekneskapen gått i minus.
Denne artikkelen er tre år eller eldre.
Det skriv lokalavisa Grenda. (krever abonnement)
- Kommuneøkonomien var relativt god i 2018, men det skuldast eingongsinntekter og teknikalitetar, konkluderer Kommunal rapport som har analysert rekneskapen til Kvinnherad kommune.
Netto driftsresultat var på 25 millionar kroner i 2018. Året før var tilsvarande tal på heile 85 millionar.
Ei viktig årsak til overskotet i fjor er at kommunen fekk tildelt 40 millionar kroner frå Havbruksfondet. I 2019 vert den summen betydeleg lågare, men dersom auksjonsprisane i år vert høge, kan utbetalingane i 2020 igjen bli hyggelege, skriv lokalavisa.