Erlend Haugarvoll sammen med Jon Grønsberg (44).

Han skal leie ny innovasjonssatsing i Lingalaks

Lingalaks etablerer no ei ny, strategisk innovasjonssatsing og har tilsett Jon Grønsberg (44) som leiar for denne eininga. Innovasjonseininga skal bidra med innovative løysingar for berekraftig havbruk.

Publisert

Grønsberg kjem frå stillinga som dagleg leiar i BIR Voss Hardanger, og har omfattande erfaring innan leiing, innovasjon og berekraftig utvikling. Konsernsjef Erlend Haugarvoll er svært nøgd med tilsetjinga:

– Med Jon på laget får me ein erfaren og visjonær leiar som forstår kva som krevst for å drive fram innovasjon i praksis. Han kjenner regionen vår, matproduksjon og kva moglegheiter ny teknologi gir for å skape eit meir berekraftig havbruk.

Håper havmeldinga gir innovasjonsmoglegheiter

Etableringa av innovasjonseininga kjem på eit strategisk tidspunkt, då regjeringa i dag legg fram den nye havmeldinga.

– Me har store forventningar til den komande havmeldinga, både når det gjeld krav og stimuli for å sikre berekraftig vekst i næringa og i vår region. Etableringa av innovasjonseininga er eitt av fleire grep me tek for å posisjonere oss for framtida, seier Haugarvoll.

Grønsberg får hovudansvar for å utvikle konsernet sin innovasjonsstrategi som adresserer utfordringane knytt til miljø- og klimautfordringar, tilpassing til marknadsendringer og effektivisering gjennom teknologisk utvikling og digitalisering. Selskapet investerer mykje i nye løysingar for å auke dyrevelferda, mellom anna det lukka konseptet Stadionlaks.

– Dette er ein unik moglegheit til å vere med og forme framtida for ei av dei viktigaste næringane våre. Lingalaks sin visjon er å vere ei føregangsbedrift innan berekraftig lakseproduksjon og er langt framme på mange område. Eg gler meg til å samarbeide med dyktige kollegaer og partnarar for å finne endå meir berekraftige løysingar som sikrar konkurransekraft og positive ringverknader for lokalsamfunnet, seier Grønsberg.

Forsterkar innovasjonseininga ytterlegare

Lingalaks er no i prosess med å forsterke innovasjonseininga ytterlegare ved å tilsetje ein prosjektleiar og ein talknusar. Desse vil arbeide tett med Grønsberg for å sikre framdrift i dei strategiske innovasjonsprosjekta og byggje sterke partnarskap med forskingsinstitusjonar og leverandørar.

Grønsberg er utdanna innan biokjemi ved NMBU og har leiarutdanning frå mellom anna AFF. Tidlegare var han i leiargruppa i Felleskjøpet Agri, og har hatt fleire leiarstillingar med ansvar for store innovasjonsprosjekt. Han er også styreleiar i Invertapro, ein pioner innan insektproduksjon og sirkulær økonomi.