
Roger Marøy blir kundeansvarleg i Havbrukspartner
Havbrukspartner meddeler at Roger Marøy blir deres nye kundeansvarlege.
Denne artikkelen er tre år eller eldre.
- Roger er ein flott fyr, fagleg sterk og har eit stort nettverk i næringa. Han har gjennom sine forskjellige roller opparbeida seg ein brei erfaring innen havbruk og fleire tilknytta områder . Han tilfører oss framdrift og positivitet, seier dagleg leiar Øyvind Kråkås i Havbrukspartner i ei pressemelding.
Roger Marøy er 40 år, er busett i Bergen og oppvaksen på Radøy. Han har jobba som fiskeoppdrettar på Radøy og som driftsleiar i Mainstream Finnmark, som innkjøpar for eksportselskapet Seaborn og regional salgssjef for resirkuleringsanlegg hos det danske selskapet Gråkjær.
- Gjennom dei åra eg har kjent gutane i havbrukspartner har eg alltid satt pris på deira sprudlande humør og kunnskap om oppdrettsnæringa, seier Roger. At eg no skal få mogligheit til å ta del i det spanande som skjer i og rundt Havbrukspartner er noko eg ser fram til.
Roger Marøy tek til i stillinga som kundeansvarleg 1. april.