Kvart år analyserer Havforskingsinstituttet både fôringrediensar og fôr for å sjå om dei inneheld PFAS og andre miljøgifter.

Har sjekka fôr og ingredienser for miljøgifter

Resultata viser at det er lite PFAS i fiskefôr. Samtidig kan fiskeolje og -mjøl vere kjelda til miljøgift i fôret.

Publisert Sist oppdatert

Det skriv HI på sine heimesider.

PFAS er ei samlebetegning på ei svært talrik stoffgruppe som blir kalla fluorerte forbindelsar (per- og polyfluorerte forbindelsar). Totalt er det truleg over 7 millionar ulike PFAS.

– Det er stoff frå denne gruppa det er funne spor av, særleg i fiskemjøl og –olje, seier forskar Anne-Katrine Lundebye.

Felles for miljøgiftene er at dei er menneskeskapte og ikkje forsvinn frå miljøet dersom dei først har hamna der.

– Slike stoff, og særleg PFAS, kan for eksempel komme frå kjemikaliane som vert brukt til avising av fly eller i impregneringsmiddel til klede, seier ho.

Ingen grenseverdiar for PFAS i dyrefôr

Det vart nyleg sett grenseverdiar for nokre PFAS i mat, men det er endå ikkje etablert grenseverdiar for dyrefôr eller fôringrediensar.

– Det er også viktig å vere klar over at dei nivåa vi har målt er svært lave. I dei fleste fôrprøvane har det ikkje vore mogeleg å påvise PFAS-forbindelsar over metodens påvisingsgrense, seier Lundebye.

Påvisingsgrensa, eller kvantifiseringsgrense (LOQ) som det heiter på fagspråket, er grensa for kor låg konsentrasjon metoden som er i bruk, kan måle.

– Vi jobbar kontinuerleg med å utvikle metoden slik at vi kan påvise endå lågare nivå enn det vi kan no, seier Lundebye.

Fann målbare konsentrasjonar av PFAS i fiskeolje og -mjøl

Resultata frå årets undersøkingar viser at dei fleste prøvene av fôr, vegetabilsk mjøl og insektmjøl har nivå av PFAS som er under grensa for kva som kan påvisast.

I fiskemjøl og fiskeoljar vart det derimot funne fleire PFAS-forbindelsar med målbare konsentrasjonar. Dei høgste nivåa av PFAS-forbindelsen PFOS (perfluoroktylsulfonat) blei funne i både i fiskemjøl og fiskeolje.

– PFOS er ein av dei fire PFAS-forbindelsane som det er sett grenseverdi for i mat og matprodukt, men ikkje i fôr og fôrmidlar, seier Lundebye.

Fôr til ulike livsfasar for laks

Kvart år analyserer Havforskingsinstituttet både fôringrediensar og fôr for å sjå om dei inneheld PFAS og andre miljøgifter.

– I år har vi hatt fokus på uønskte stoff i fiskefôr tiltenkt laks i ulike livsfasar, seier forskaren.

Dei har mellom anna undersøkt nivå av fleire metall og dei organiske miljøgiftene PCB og dioksin i startfôr, smoltfôr og vekstfôr til laks.

– Alle nivå av desse stoffa var under grenseverdiane for fôr, seier Lundebye.

Nivåa av metalla arsen, kvikksølv, kadmium og dei organiske miljøgiftene, var høgare i startfôr og smoltfôr enn i vekstfôr.

– Ei mogeleg forklaring kan vere at start- og smoltfôr har meir marine ingrediensar enn vekstfôr. Det er kjent at marine råvarer kan ha høgare nivå av desse uønskte stoffa enn det plantebaserte råvarer har.