Har påvist ny miljøgift i oppdrettslaks
Impregneringsmiddelet tralopyril er tatt i bruk for å erstatte kopar på oppdrettsmerdane. No er det funne små mengder av det i filet frå laks i forsøk.
Det skriver HI på si heimeside, som også har funne same middel i svarthå, blåskjel og krill.
– Vi har funne spor av stoffet i filet av oppdrettslaks i eit laboratorieforsøk, men det er snakk om svært små mengder, akkurat over grensa for kva vi kan måle, seier havforskar Bjørn Einar Grøsvik.
Allereie i februar åtvara han om risikoen ved bruk av dette stoffet.
Sjølv om det berre blei funne små mengder av tralopyril i den undersøkte laksen, meiner han at det er alarmerande.
– Dette er eit stoff som i utgangspunktet ikkje finst i naturen, og det er heller ikkje fastsett grenseverdiar for kor mykje som er akseptabelt av det i matvarer eller ingrediensar brukt i dyrefôr, seier Grøsvik.
Han samanliknar tralopyril med andre middel som oppdrettsnæringa brukar, slik som ulike legemiddel mot lakselus.
– Slike legemiddel kan finnast i små mengder i filet, men for desse stoffa er det innført grenseverdiar der det er gjort berekningar på kor mykje som er akseptabelt med tanke på mattryggleik. Overvakinga vår viser at desse stoffa ligg under grenseverdien, seier han.
Det er store kunnskapshol om tralopyril i dag, men i si risikovurdering av stoffet frå 2023 viser EFSA til éin studie utført på rotter. Studien viser at dei nivåa vi har funne i laks er betydeleg lågare enn nivåa som gav helseeffekt hos rotter.
Laksemuskelen tar opp tralopyril
I laboratorieforsøk har forskarane simulert kva påverknad ei merd impregnert med tralopyril har på omgjevnadane.
– I dette forsøket såg vi at fisken tok opp tralopyril til laksemuskel og at den skilte ut både tralopyril og nedbrytingsstoff i fekaliar, seier han.
Sjå rapporten for detaljar rundt laboratorieforsøket og resultata.
Kan truleg ha negativ effekt på gjellene til laksen
Oppdrettslaksen får truleg i seg stoffet ved at merdane som er innsett med det, «blør» overskot av stoffet ut i vatnet. Det viser eit forsøk ved HI, der funna ikkje har blitt vitskapeleg publisert endå.
– Dersom det er dårleg vassutskifting, kan ein ved uheldige forhold oppleve at mengda tralopyril blir oppkonsentrert til over dødeleg nivå for fisk inne i ei merd, seier Grøsvik.
Tralopyril hemmar funksjonen og energiproduksjonen i mitokondria i cellene, noko som hindrar energiopptak og fører til oksidativt stress. Dette gjer at forskarane mistenker at stoffet kan ha negativ effekt på fisken si gjellehelse.
– Dette har vi ikkje fått undersøkt endå, men det kan vere nærliggande å tru at når fisken sym rundt i høge konsentrasjonar så vil det påverke gjellene negativt, seier han.