Store planar om tareoppdrett på Vestlandet
Nyetablerte Havtare ynskjer å dyrke fleire ulike typar tare over store areal i Sogn og Fjordane.
Denne artikkelen er tre år eller eldre.
På Gulen kommune sine heimeside kjem det fram at Havtare AS, søkjer om løyve til etablering av lokalitet for oppdrett makroalgar i flytande anlegg på Kjenes.
Søknaden gjeld dyrking av fleire artar makroalgar, i områder på oppimot 200 hektar, i områder allereie avsett for akvakultur.
- Kommunen har kjempegode føresetnader for dyrking av tare. Lokaliteten er godt plassert ute i havet og området har mange lokale artar tare, så ein har god tilgang på desse, fortel dagleg leiar Bård Johannesen i ein kommentar til søknaden.
Han viser til at ein ikkje treng djupe lokalitetar for tareoppdrett, slik ein treng for laks.
- Desse områda var difor ledige, og me håpar å få opp næringsverksemd i området. Kommunen har god infrastruktur og fleire lokale folk er med på saka, legg Johannesen til.
Søknaden er på høyring i kommunen fram til 12 september.