ILA påvist på Vestlandet
Det er påvist ILA på Lingalaks sin sjølokalitet Nebbo i Kvinnherad kommune.
Denne artikkelen er tre år eller eldre.
Pharmaq Analytiq AS har stadfesta gjennom ein A-prøve, at dei har funne ILA-virus på sjølokaliteten. Resultatet vart formidla til selskapet torsdag 11 mai, opplyser Lingalaks i ei pressemelding.
- Alle nødvendige offentlege instansar vert no kopla inn, og me er i tett dialog om det vidare arbeidet, seier samfunnskontakt Kjetil Hestad i Lingalaks.
Lingalaks sin fisk på lokaliteten er planlagt utslakta i løpet av dei neste 4 dagane.
- Me har no fullt fokus på å sørga for at smitte ikkje spreier seg, og har kontakt med alle fartøy og personar som har vore på denne lokaliteten den siste tida, seier han vidare.
Selskapet understrekar at alle som ferdes og driv aktivitet i området må visa nødvendig aktsemd, slik at risiko for spreiing av sjukdom vert minimal.
Sist ILA vart påvist på Vestlandet var i mai 2015 på Bolaks sin stamfisklokalitet Nystølvågen ca 20 km unna i luftlinje.