Jarle Tveiten (69) starta med fisketransport i 1987. No står storinvesteringa selskapet har arbeida med dei siste åra klar, der ein heilt ny base og vaskehall i Norheimsund skal visast fram. Laurdag kan dei som vil kome på open dag.

Inviterer til open dag på sin nye base

Jarle Tveiten Transport inviterer til «Open dag» laurdag 24. august. Der vil dei blant anna visa fram den topp moderne vaskehallen dei har egendesigna for lastebilane deira, der fokus på biosikkerheit har vore prioritert. 

Publisert Sist oppdatert

Dei skriv på Some at alle er hjarteleg velkommen til å sjå den nye base på Valland i Norheimsund. Hendinga skjer frå klokka 11.00 til 14.00, og det vert enkel servering til gjestane. Dei skal også ha ein fest på kvelden for inviterte gjester, der over 100 personar skal kome.

Driftssjef Tor-Bjørn Kolltveit fortel til Kyst.no at dei er stolte over å kunne endeleg visa fram den nye basen på Valland.

– Me har jobba lenge med bygget og planane, og dette har vore eit kjempe løft for oss. No vil me visa fram resultatet, seier han nøgd.

Jarle Tveiten Transport har sidan 1987 køyrt levande fisk til havbruksnæringa, og selskapet har investert store summar i ein ny vaskehall for å auke biosikkerheita og tryggleiken til de tilsette som skal vaske trailerane.

– Slo til

Dagleg leiar Jarle Tveiten har lenge heldt til i heimbygda Tørvikbygd, men då moglegheita for å kjøpe ei tomt i Norheimsund kom, slo han til. 

På Valland har han fått bygd eitt administrasjonsbygg, og dessutan eitt svært garasjeverkstad, som også inneheld ein eigenutvikla vaskehall som er ganske unik. 

– Det er ingen andre som har eit slikt vaskesystem for lastebilane sine, sa gründer Jarle Tveiten, da han tidlegare i år viste Kyst.no/Norsk Fiskeoppdrett rundt på den nye basen sin før den var heilt ferdigstilt.

I den splitter nye vaskehallen kan man vaske tre lastebilar eller eitt vogntog og ein lastebil samstundes.

Vaskehallen og garasjen er på heile 735 m², samstundes som dei også har bygd eitt administrasjonsbygg på 215 m² og eitt lagerbygg på 170 m². Administrasjonsbygget er i massivt tre. 

Saka fortsett under bildet. 

Oddny Helene Ljones, Jarle Tveiten og Tor-Bjørn Kolltveit er glade for at dei no har fått flytta inn i nytt og stort administrasjonsbygg på Valland i Norheimsund.

I vaskehallen står sjåførane høgt og trygt oppe på toppen av trailerane med tankane, og kan ta ut ein lem, som gjer at dei slepp å stå i stigar og har mykje betre HMS og sikkerheit. Dei slepp også å gå inn i tankane for å høgtrykksspyle og vaske dei, og slepp osen av vaskemiddel og slepp det tunge arbeidet som no ein robot gjer for dei.

Slik ser den nye basen ut på Valland: 

Den nye basen til Jarle Tveiten Transport i Hardangerveien 242 ligg rett ved fjorden med utsikt bort mot Folgefonna, og er omkransa av siderproduksjonen til nabobedrifta.
Slik ser det ut inni det nye administrasjonsbygget til Jarle Tveiten Transport. Bygget er laget i massivt tre.

Sjå video av det eigenutvikla vaskeanlegget og intervju med Jarle Tveiten.