Jan Arne Brekke, dagleg leiar i Sogn Aqua. Foto Linn Therese S Hosteland

– Verda treng meir kveite

Me tykkjer det er veldig leit at Magnus Skretting og Marine Harvest gir seg. Magnus har vore kveitekongen framfor alle og vore med å bygge opp ein god marknad for fersk oppdrettskveite i Noreg og i utlandet, seier Jan Arne Brekke. Kveiteoppdrettaren har og stor tru på kveita framover.

Publisert Sist oppdatert

Denne artikkelen er tre år eller eldre.

Brekke er dagleg leiar i Sogn Aqua, som driv produksjon av kveite i Slantevika i Sogn. Han fortel at han opplever marknaden som god.

- Men me er tross alt en liten produsent, førebels.  Kveite er ein utfordrande art innan oppdrett ja, men den er og godt betalt slik at potensialet for lønsamheit absolutt er tilstades, poengterar han.

Les også: Vil avvikle Sterling White Halibut

Treng kompetanse

Kveiteoppdrettaren er klar på at han tykkjer det er leit Marine Harvest vil gje seg med produksjonen.

- Magnus har vore kveitekongen framfor alle og vore med å bygge opp ein god marknad for fersk oppdrettskveite i Noreg og i utlandet. Sterling har vore kjend for god kvalitet. Det høyrer me blant dei som brukar kveite, seier han.

Brekke trur at næringa og marknaden ville vore tjent med at Marine Harvest hadde fortsatt tilby kveite i åra framover.

- Verda treng meir kveite. Me veit og at det med denne avviklinga vil forsvinne mykje god kompetanse på drift av marin fisk, både på yngel og matfisk. Dette er kompetanse me gjerne skulle hatt med oss vidare i kveitenæringa for å saman kunne løyse utfordringane som er i dag, meinar han. 

Drifta lønsamt på land

Den daglege leiaren visar til at Sogn Aqua fortsatt er ein svært liten aktør.

- Men me meinar å kunne drifta denne flatfisken på ein god og lønsam måte på land. Me byggjer ut eit nytt anlegg og våre eigarar satsar fordi dei har tru på dette konseptet og ein fortsatt sterk marknad, seier han.

Vidare meinar Brekke at Noreg ikkje kan være nøgd med kun å produsera laks.

- Men laksen er grunnsteinen. Med laksen kjem store mogleheiter med nye artar når det allereie fins teknologi, kompetanse, logistikk, salgsapparat og ikkje minst myndigheiter som forstår seg på oppdrett, konkluderar han.