Ny sals- og marknadssjef i Østerbø Maskin AS
Jan Erik Søreide starta som sals- og marknadssjef denne veka. Dette er ei nyoppretta stilling som har ansvar for produkta til Østerbø, deriblant notvaskarar og strømaggregat.
Denne artikkelen er tre år eller eldre.
Østerbø skal fremover levere litande løysingar til endå fleire enn i dag, skriv Østerbø Maskin i ei pressemelding.
- Østerbø har positiv utvikling og tilsettinga av Jan Erik Søreide i denne nøkkelrolla er eit ledd i satsinga for å nå målsettingane våre, uttrykkjer dagleg leiar Steinar Holen, i pressemeldinga.
Notvaskarar, strømaggregat og litande løysingar
- Grunna auka aktivitet treng vi betre kapasiteten vår på sal og oppfølging av kundar, seier Holen.
Så vi er glade for at Jan Erik Søreide starta som sals- og marknadssjef denne veka.
Motivert og klar til innsats
Jan Erik er oppvaksen på Søreide like ved Østerbø, utdanna ingeniør og vender no nasen heim etter fleire år med arbeid i oljebransjen i Bergen.
- Det er dette som har vore målet, seier han, - vere med på laget til ei slik spennande bedrift her heime. Det har vore interessant å følgje Østerbø frå utsida mens eg har budd vekke, mykje godt arbeid er gjort over mange år her. Dette kan vi no bygge vidare på for å bli ein endå større og tydlegare aktør i marknaden, seier ein motivert Søreide.
Aqua Nor
Jan Erik fekk elddåpen sin under Aqua Nor messa i Trondheim i midten av august der han var med på Østerbø sin stand.
– Det var gledeleg å sjå den store interessa og pågangen som var på standen til ei relativt lita bedrift frå ”der ingen skulle tru”, seier Jan Erik.