Ingeniør/Avdelingsingeniørar ved Forskingsstasjonen Austevoll

Havforskingsinstituttet er eit av Europas største marine forskingsmiljø. Vi har ca. 800 tilsette og ei rekkje forskingsfasilitetar og laboratorium av høg internasjonal standard.

Havforskingsinstituttet eig og driv seks forskingsfartøy. Vårt hovudkontor ligg i Bergen, vi har avdeling i Tromsø og forskingsstasjonar i Matre, Austevoll og Flødevigen.

Om stillinga:
Ved Forskingsstasjonen Austevoll er det ledig to faste stillingar som 1085 avdelingsingeniørar. Stillingane er knytt til Avdeling for teknisk infrastruktur.  Forskingsstasjonen har analyselaboratorium og biologiske laboratorium både på land og sjø. Forskingsverksemda er i hovudsak knytt opp til arbeid med marine artar av fisk og skaldyr.

Biologisk driftsgruppe har mellom anna ansvar for drift av biologiske forsøksanlegg, og i dette inngår oppgåver knytt til klekking og startfôring av kveite, torsk, hyse og leppefisk, samt produksjon av levendefôr.

Arbeidsoppgåver:
Desse to stillingane er for tida knytt opp mot sjøanlegget vårt, med oppfølging av stell av fisk og fiskeforsøk, samt lovpålagte interne og eksterne oppgåver.. Einskilde arbeidsoperasjonar omfattar til dels tungt fysisk arbeid. Anna arbeid i samband med landbaserte forsøksanlegg vil og inngå i oppgåvene.

 Kvalifikasjonar:
Vi søkjer etter personar med utdanning tilsvarande fagbrev eller høgare innan akvakultur, fiskehelse eller havbruk, samt relevant erfaring innan akvakultur. Vi legg vekt på at dei som vert tilsett, raskt kan tiltre stillingane.

Dei som vert tilsett må kunne vise gode evner til å arbeide nøyaktig og sjølvstendig, men samtidig som del av eit team. Vi legg difor vekt på gode samarbeidsevner, at søkjaren er fleksibel og at vedkommande trivst i eit hektisk arbeidsmiljø. Den som vert tilsett må beherske norsk og engelsk, skriftleg og munnleg. Søkjarar bør ha førarkort for personbil (klasse B) og truckførarbevis. Det er òg ynskjeleg med båtførarbevis.

Felt-/toktarbeid og anna reiseverksemd knytt til stillingane kan påreknast, samt deltaking i kompenserte vaktordningar og helgearbeid etter oppsett arbeidsplan.

Vi tilbyr:
Eit utfordrande og skapande arbeidsmiljø i eit forskingsinstitutt med mykje internasjonal kontakt. Vi har gode pensjonsordningar og velferdstilbod.

Stillingane vert løna som 1085 avdelingsingeniør etter Statens lønsregulativ.

 

 

Søknadsfrist:17. desember
Sted:Austevoll

 

Ønskjer du meir informasjon?
Ta kontakt med gruppeleiar Sjur Åge Skår,
epost sjurs@imr.no, tlf 934 68 048
eller sjå vår nettside www.imr.no

Havforskingsinstituttet er ei IA verksemd som er oppteken av mangfald og vi oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje stillingane.

Vi gjer merksam på at opplysningar om søkjaren kan verta gjort offentleg sjølv om søkjaren oppmodar om ikkje å verta ført opp på søkjarlista. Søkjaren vil verta orientert om dette i forkant.

Send søknad elektronisk. Bruk lenke på denne sida og legg ved CV, kopi av relevante attestar og vitnemål.

X