Overingeniør – Forskningsstasjonen Austevoll

Havforskingsinstituttet er eit av Europas største marine forskingsmiljø. Vi har ca. 800 tilsette og ei rekkje forskingsfasilitetar og laboratorium av høg internasjonal standard.

Havforskingsinstituttet eig og driv seks forskingsfartøy. Vårt hovudkontor ligg i Bergen, vi har avdeling i Tromsø og forskingsstasjonar i Matre, Austevoll og Flødevigen.

Om stillinga:
Ved Forskingsstasjonen Austevoll er det ledig stilling som 1087 overingeniør. Stillinga er knytt til Avdeling for teknisk infrastruktur og sorterar under biologisk driftsgruppe på stasjonen.

Forskingsstasjonen har analyselaboratorium og forsøksfasilitetar både på land og sjø. Forskingsverksemda er i hovudsak knytt opp til arbeid med marine artar av fisk og skaldyr. Biologisk driftsgruppe har ansvar for drift av biologiske forsøksanlegg og i dette inngår mellom anna oppgåver knytt til klekking og startfôring av kveite og torskefisk, samt produksjon av levendefôr. Arbeidet omfattar og påvekst av ymse artar, samt forsøk med laks i sjøanlegg. Tett samarbeid mellom drift og forskninga står i fokus og er ein viktig suksessfaktor.

Arbeidsoppgåver:
Stillinga vil ha oppgåver rettet mot oppfølging og stell av fisk og fiskeforsøk i stasjonens anlegg. Sentrale oppgaver vil vera:

  • Produksjon og hald av fiskebestandar og forsøksorganismer på land og i sjøanlegg
  • Dagleg drift og vedlikehald av forsøksinstallasjonar, fôringsanlegg, utstyr og instrumenter
  • Oppfølging og rapportering av lovpålagte oppgåver knytt til forsøksløyver, fiskehelse og interne kvalitetssystem vil utgjere ein stor del av arbeidsoppgåvene

Kvalifikasjonar:
Vi søkjer etter personar med fagrelevant utdanning på høgskulenivå tilsvarande bachelorgrad eller høgare innan akvakultur/fiskehelse og relevant arbeidserfaring. Personar med anna utdanning – til dømes fagbrev i akvakulturfaget og relevant praksis innan akvakultur kan og verta vurdert.

Dei som vert tilsett må kunne visa gode evner til å arbeide systematisk, nøyaktig og sjølvstendig, men samtidig som del av eit team. Vi legg difor vekt på gode samarbeidsevner, at søkjaren er fleksibel og at vedkommande trivst i eit hektisk arbeidsmiljø. Søkjaren må og kunne ta initiativ til forbedringer og vera løysingsorientert.
Den som vert tilsett må beherske norsk og engelsk skriftleg og munnleg.
Søkjarar må ha førarkort for personbil (klasse B). Det er òg ynskjeleg med truckførarbevis og båtførarbevis.

Meir om stillinga:
Felt-/toktarbeid og anna reiseverksemd knytt til stillingane kan påreknast, samt deltaking i kompenserte vaktordningar og helgearbeid etter oppsett arbeidsplan.
Vi tilbyr eit utfordrande og skapande arbeidsmiljø i eit forskingsinstitutt med mykje internasjonal kontakt. Vi har gode pensjonsordningar og velferdstilbod.
Stillinga vert løna som 1087 overingeniør etter Statens lønsregulativ ut i frå utdanning/praksis.

 

Søknadsfrist:17. desember
Sted:Austevoll

 

Ønskjer du meir informasjon?
Ta kontakt med gruppeleiar Sjur Åge Skår,
epost sjurs@imr.no, tlf  934 68 048
eller sjå vår nettside www.imr.no

Havforskingsinstituttet er ei IA verksemd som er oppteken av mangfald og vi oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje stillingane.
Vi gjer merksam på at opplysningar om søkjaren kan verta gjort offentleg sjølv om søkjaren oppmodar om ikkje å verta ført opp på søkjarlista. Søkjaren vil verta orientert om dette i forkant.
Send søknad elektronisk. Bruk lenke på denne sida og legg ved CV, kopi av relevante attestar og vitnemål.

 

X