- Oppdrett skal veksa
Jonas Gahr Støre meiner at oppdrettsnæringa må veksa vidare, ifølgje avisa Marsteinen.
Denne artikkelen er tre år eller eldre.
Avisa skriv at Arbeidarpartileiar Jonas Gahr Støre, i går fekk høve til å besøkja familieselskapet Troland lakseoppdrett og få attendemeldingar om kor skoen trykkjer i forvaltninga av næringa.
– Oppdrett skal veksa. Likevel må det skje innanfor berekraftige rammer, sa Gahr Støre til lokalavisa.
Han viste vidare til at næringa har fått kontroll på ei rekkje utfordringar, og at dei i dag produserer eit fantastisk og høgt skatta produkt.
– Verken næringa eller oss politikarar må gløyma røtene til oppdrettslaksen. Stamfaren, villaksen, må me ta vare på, sa Gahr Støre.
Han understreka at Noreg er moralsk forplikta til å forvalta villaksen og økosystema i havet og fjordane, men konkretiserte òg at det vil vera særs ugunstig for omdømmet til oppdrettsnæringa dersom ein ikkje klarar å ta vare på det eksklusive opphavet til oppdrettseventyret.