Laks frå Alsaker Fjordbruk får innpass i Kina
- Zoneco Group i Kina vil ha norsk laks frå Alsaker Fjordbruk sitt slakteri på Sunde i Kvinnherad. Dermed kan laksen vår hamna på tusenvis av kinesiske middagsbord i tida framover, skriv selskapet.
Denne artikkelen er tre år eller eldre.
Alsaker Fjordbruk AS og Ocean Supreme AS var på plass i Kina då den norske delegasjonen, leia av fiskeriminister Per Sandberg, besøkte Kina 22.-24. mai.
Målet med besøket var å etablera gode kontaktar, og at dei lukkast med dette kan ein lesa om i pressemeldinga som Zoneco la ut etter møtet med Alsaker Fjordbruk AS og Ocean Supreme AS.
- At Zoneco Group og dei norske partnarane blir samde, vil hjelpe norske lakseprodukt inn i tusenvis av kinesiske familiar via Zoneco Group sine salskanalar, skriv Zoneco.
Zoneco er eit stort selskap som driv havbeite på skalldyr, oppdrett av fleire artar, fiskeri, foredling og distribusjon av fisk og skalldyr. Dei har hovudkontor i Dalian kor dei også har ein stor fabrikk og eit stort distribusjonssenter med kjøl-og frysekapasitet til 50.000 tonn sjømat, skriv Alsaker.