Kjetil Hestad tilsett hos Lingalaks og Tombre Fiskeanlegg
Kjetil Hestad er tilsatt som Miljø og -samfunnskoordinator for Lingalaks og Tombre Fiskeanlegg frå fyrste februar 2016.
Denne artikkelen er tre år eller eldre.
- Med Kjetil Hestad på laget er me trygg på at me vil få ein medarbeider som vil bidra til våre to selskap på ein utmerket måte, skriv næringsaktørane.
Kjetil kjem frå Tysnes og har til nyleg våre ordførar der, han har også jobba fleire år på Stortinget.
- Med hans gode kunnskap til både næringa og samfunnet vil me ynskja Kjetil alt godt i den nye jobben, og ser fram til å jobbe saman med han. Saman med Kjetil skal me bidra til å løfta ei viktig næring for vår region vidare opp og fram. seier dei to daglige leiarane Håkon Tombre i Tombre Gruppen og Erlend Haugarvoll i Lingalaks AS.