Har fått løyve til å etablera landbasert anlegg på Årskog
Kobbevik og Furuholmen oppdrett AS har fått alle løyva i boks til å etablera landbasert anlegg for oppfrett av matfisk og settefisk av laks, aure og regnbogeaure på Årskog.
Denne artikkelen er tre år eller eldre.
– Me er svært glade for at alle løyva endeleg er i boks, seier dagleg leiar i Kobbevik og Furuholmen, Ingebrigt Landa til Fitjar-Posten.
Kobbevik og Furuholmen søkte i 2017 om å få produsera inntil 10 000 tonn postsmolt og matfisk av laks, regnbueaure og aure i eit landbasert anlegg på Årskog. Men søknaden stoppa oss Mattilsynet, som blant anna var redd for smitte til nærliggande anlegg.
Kobbevik og Furuholmen klaga på Mattilsynet sitt vedtak, og sendte inn ny informasjon og meir detaljerte vurderingar. Mattilsynet meinte den nye dokumentasjonen var tilstrekkeleg, og i februar oppheva dei avslaget.
– Me hadde ein god dialog med Mattilsynet, og heldigvis snudde dei, seier Ingebrigt Landa til avisa.