Kveiteyngel fra Nordic Seafarms. Foto: Linn Therese Skår Hosteland.

Nytt selskap vil starte produksjon av kveiteyngel

Nyetablerte Sogn Aqua Juveniles AS, vil driva kveiteyngel-produksjon i Gulen kommune på lokaliteten Sætre ved Risnefjorden. - Eg ser føre meg at Sogn og Fjordane kan bli kveite-fylket, fortel dagleg leiar i selskapet.

Publisert Sist oppdatert

Denne artikkelen er tre år eller eldre.

Lokaliteten Sætre har tidlegare vore brukt til lakseproduksjon av Sætrelaks, og er ifølgje Rune Valaker, dagleg leiar i det nystarta selskapet, godt eigna for produksjon av kveiteyngel.

– Me har etablert oss i det gamle landanlegget og har allereie fått opp yngelanlegget. Den første produksjonen går føre seg i eit forsøksanlegg, så vil me bygge ut om eit eller to år, altetter kva teknologisk løysing me ender opp med, forklarar  Valaker til kyst.no.

Produksjonen

Sogn Aqua, som driv matfiskproduksjon av kveite i Slantevika, er medeigar i det nye selskapet og har fyrsterett på yngelen. Valaker tek sikte på at dei skal ha to klekkingar årleg ved anlegget.

- I starten tek me sikte på å produsera nokon hundre tusen stykk årleg. Etter kvart som me veit kva teknologi me vil gå for, og korleis anlegget endeleg vert utforma, ynskjer me å oppskalere produksjonen og selje yngel til andre aktørar og. Eg ser føre meg at Sogn og Fjordane kan bli kveite-fylket, fortel han.

Han viser så til at det er mange gode lokalitetar på land, samt god tilgong på djupvatten i fylket.

- Me har tru på kveiteproduksjon på land. Vatnet me brukar er henta frå 125 meters djup og har ein jamn temperatur på 8-9 grader heile året, noko som gjev kontinuitet og gode føresetnader for å sleppa sjukdom og parasittar, legg han til.

Utfordringar

Selskapet har søkt om konsesjonen til å produsera  2,5 millionar yngel. I tillegg er det og søkt om hald av stamfisk.

- Me skal samla stamfisk så snart det er rå for det. Produksjonen av yngel går frå klekking til rundt 2,5 gram før den går i anlegget i Slantevika. Det er ein krevjande produksjon, opplyser han.

- Kva er det eigentleg som er så vanskeleg med produksjon av kveiteyngel?

- Ein kan vel seia alt. Alt er vanskeleg når ein ikkje kan det og alt er enkelt når ein kan det. Hovedutfordringa er å få full kontroll på startfôringa spesielt, både med tanke på korleis fisken tek fôret og kontroll på mikroorganismar som kan vekse fram i kara. Me satsar på ein kombinasjon av artemia og hoppekreps. Når fisken har nådd tre gram er den kritiske fasen over og etter det går den over på formulert tørrfôr. Då er alt enklare, konkluderar han.

I eit Sintef/C-feed-samarbeid har Sogn Aqua drive FoU på copepodar i samanheng med kveite. Valaker opplyser at dette arbeidet vil halde fram ved Sogn Aqua Juveniles.