– Det du lærer på BI, kan eg lære deg på ein føremiddag
Etter tiår med suksessen «SALMA», vel Olav Svendsen å setje punktum. Han har hausta titals prisar og mykje heider. Men heider var det lite av då han fortalde far sin at han ville begynne på BI. – Det du lærer på BI, kan eg lære deg på ein føremiddag, var svaret.
«Kystpodden» har denne veka møtt Olav Svendsen junior. Bokstaveleg talt fødd og oppvaksen på kaikanten med laksemerdane som næraste nabo. Som gutunge var han med på å fiske sei som gjekk til laksefôr. Seinare vart helgane og skuleferiane nytta til å jobbe på familieverksemda.
– Det var ein spennande og givande oppvekst. På den tida dreiv vi med både pigghå, størje, sild og hummar, fortel Olav. Men senior hadde verken tru på BI eller data, humrar Olav når han fortel om episodar frå oppveksten.
Eventyrleg utvikling
Olav overtok som leiar av familieverksemda Bremnes Fryseri berre 30 år gammal. På den tida produserte selskapet om lag 2400 tonn laks. I fjor var volumet oppe i 37 000 tonn.
– Vi hadde ein fase med oppkjøp av mange konsesjonar, vi var med og etablerte eige brønnbåtrederi, og vi etablerte eit salgssamarbeid med Grieg Seafood, fortel Olav. Etter kvart vart Bremnes Fryseri til Bremnes Seashore og den verdskjende merkevara «SALMA» vart utvikla i eit samarbeid med Tine.
Denne reisa fortel Olav Svendsen meir om i «Kystpodden».
Sending laurdag 18. januar kl. 10.00
kyst.no/kystpodden og Spotify
Denne sendinga av Kystpodden vart teken opp på ei samling under AqKva-konferansen i Bergen den 16. januar 2024.
Høyr meg – Sjå meg, aldri ein laurdag utan
Les flere saker om Kystpodden:
-
Dirigerte loddebåt fra fødestuen
-
– Jeg er gammel og vi har dårlig tid
-
Dysleksi stoppet ingeniørstudiet
-
Høvdingen som sette spor
-
– Fikk 5000 kroner for 3 års arbeid
-
– Det er som en god vin, du skal ha de rette algene
-
– Man skal aldri undervurdere flaks
-
Det skjedde på en bar i Bergen
-
– Arbeidskontrakt fikk jeg aldri
-
– Ferie? – Nei, det er for byfolk!