Parti fra Lærdalselvi

Laksefisket i Lærdalselvi dobla

Fem veker etter sesongstart er det fiska 545 laks med ei totalvekt p 4,4 tonn. Det er dobbelt så mykje som i fjor.

Publisert Sist oppdatert

Denne artikkelen er tre år eller eldre.

Mykje tyder på at laksefisket i år kan bli det beste på 30 år, melder NRK. Mons Frydenlund har kontroll over alt som blir fiska i Lærdalselvi. Han fortel at snittvekta på laksen er 8,12 kilo og at den største som er tatt er på 17,8 kilo. Trass i positive tal, meiner Frydenlund at det enno er tidleg å friskmelde elva.

– Eg må presisere at elva enno ikkje er friskmeld. Det kan tidlegast skje mot slutten av neste år. Så vi kan ikkje heise flagget til topps enno, seier han til NRK.

For 20 år sidan vart parasitten gyrodactylus salaris oppdaga i Lærdalselvi, og sidan har elva hatt status som sjuk. Med eit så godt fiske som det er i elva no, kan det tyde på at elva er på rett veg mot friskmelding.