Lakseprisen litt opp igjen
Lakseprisen gjekk litt opp igjen i forrige veke.
Denne artikkelen er tre år eller eldre.
Lakseprisen til oppdretter gjekk opp med omlag 1 krone i forrige veke (veke 27) og endte på 55,27 kr/kg.
Det viser tal frå Akvafakta. Sjå heile statistikken her.
Ifølgje SSB fekk eksportprisen for fersk laks 58,55 kr/kg i veke 27, ein oppgang på 0,5 prosent samanlikna med veka før.
Eksportkvantum for fersk laks i veke 27 enda på 17 914 tonn, 5,8 prosent høgare enn i veka før då volumet var 16 929 tonn.
I veke 27 i 2018 vart det eksportert 393 tonn frosen laks, og prisen var 60,96 kr/kg.