Stortingsrepresentant Alfred Bjørlo stiller spørsmål om lakseskatt-garanti i dag på stortingets spørretime.

Ber Vedum om lakseskatt-garanti i Stortinget

Stortingsrepresentant Alfred Bjørlo (V) ønsker svar fra Finansministeren på om han kan garantere mer penger og bedre økonomi for vertskommunene for havbruk etter regjeringens nye skattepakke på oppdrettsnæringen.

Publisert Sist oppdatert

- Finansministeren har garantert at vertskommunane for havbruk skal sitte igjen med meir pengar og betre økonomi etter regjeringa sin nye skattepakke på oppdrettsnæringa, enn før. Eg vil gjerne ha klare svar frå Finansministeren i dag på om han står ved dei garantiane han har gitt, seier Alfred Bjørlo, Venstre sin næringspolitiske talsperson.

- Alt tyder på at regjeringa sitt «blitz-angrep» på oppdrettsnæringa og andre kystnæringar i statsbudsjettet, vil vere sterkt skadeleg både for næringslivet og havbrukskommunane. Det er svært vanskeleg å forstå korleis Vedum kan gi denne type garantiar, men i dag skal han få ein sjanse til å forklare det i Stortinget, seier Alfred Bjørlo.

Bjørlo stiller sitt spørsmål i Stortinget sin spørjetime i dag, som spørsmål nr 1 i ordinær spørjetime kl 11.