- Reinsefisken funker som berre da
Langøylaks AS får reinsefisk av Vest Aqua Base, og dagleg leiar Karsten Inge Møgster fortel den gjer at lusetala til oppdrettsselskapet er svært låge, og held lusa i sjakk.
Denne artikkelen er tre år eller eldre.
Langøylaks AS har tre matfiskløyver og produserar laks på lokaliteter rundt Møkster i Austevoll kommune. Familieselskapet gjer eit godt resultat i 2017, og auka omsetninga med 34 millionar kroner, frå 158,2 millionar kroner i 2016 til 192,2 millionar kroner i 2017.
Samla kontantstraum frå drifta i 2017 var positiv med 43,8 millionar kroner, og driftesultatet auka med 12,2 millionar og gjekk frå 45,5 millionar kroner i 2016 til 57,7 millionar i 2017. Årsresultatet vart på kr 45 millioner, som styret beskriv som eit svært tilfredsstillande resultat.
Dagleg leiar Karsten Inge Møgster seier til Kyst.no at han er godt nøgd med resultatet og glad for at produksjonen har vore svært bra i 2017.
- Me hadde lite dødelegheit på fisken og ein god biologi. Det var også gode prisar på laksen, som gjer at me får eit godt resultat.
- Gode resultater
Langøylaks AS har i 2017 lagt ned store ressursar i biologisk avlusing, med gode resultat.
- Me har satsa målretta på biologisk avlusing med leppefisk og rognkjeks i den hensikt å redusera behovet for kjemisk og mekanisk avlusing, fortel han.
Langøylaks har saman med seks andre investert i oppdrett av rognkjeks gjennom selskapet Vest Aqua Base, og han påpeiker at dette har så langt vore ei svært viktig investering for Langøylaks.
Les også: Stort fokus på en robust rensefisk
- Lusetala våre har vore låge i heile år og i fjor haust. Me sat ut fisk i september og november i fjor, og laksen har ikkje hatt ei einaste mekanisk avlusing sidan den gong, og generelt har me hatt lite av det på resten av fisken vår på dei andre lokalitetane, understrekar han.
Totalt har Austevoll-selskapet berre hatt to mekanisk avlusinger i år på storfisk.
- Reinsefisken funker som berre da, og resultata visar jo at både rognkjeksen og den villfanga leppefisken et masse lakselus og funkar godt, seier Møgster til Kyst.no.
«Aqua Terminal»
Selskapet har i tillegg til å ha sterkt fokus på biologisk avlusing, investert i innovative utviklingsprosjekt med mekanisk ikkje-medikamentell behandling som mål. Selskapet er og involvert i utviklingsprosjektet «Aqua Terminal», saman med dei to Austevoll-selskapa Austevoll Melaks og Troland Lakseoppdrett.
Les også: Havkar AS søker 6 utviklingstillatelser
Havkar søkte 21. april 2017 om seks utviklingsløyver for ein periode på 7 år. Tillatelsene skulle nyttast til utvikling av «Aqua Terminal» som skulle plasserast i Austevoll.
Fiskeridirektoratet har derimot avslått denne søknaden, og skriv i avslaget at det omsøkte prosjektet ikkje oppfyller vilkåret om «betydeleg innovasjon». Les meir om dette her.
Vil produsera 300 tonn laks
Langøylaks håper på å produsere rundt 3000 tonn sløyd laks i 2017, og har ambisjonar om å auke smoltstørrelsen på sikt.
- Målet vårt er høgast mogleg produksjon, gode prisar, lite dødelegheit og lus, samt ha lite sjukdom. Me ligg på 100 gram i størrelse på smolten, men har ynskjer om å auka den dei neste åra, fortel Møgster til Kyst.no.
God økonomi og kapital
Styret skriv i årsberetninga at selskapet er i ein sunn økonomisk og finansiell stilling, og påpeikar at marknadsutviklinga i laksenæringa har vore positiv i 2017, og at det ser ut til å halde fram i 2018.
Selskapet er mannskapsmessig og mekanisk i stand til å utføre dei fleste operasjonar i drifta sjølv, noko som gier at viktige operasjonar kan takast i rett tid. Til å drive reinhald på noter leiger selskapet inn ekstern kapasitet.
Dei samla investeringane i Langøylaks for 2017 var kr 1,06 millioner. Likviditetsbehaldninga i selskapet var kr. 82,5 mill. per 31.12.2017. Totalkapitalen var ved utgangen av året kr 151,9 millioner, samanlikna med kr 119,8 millionar året før.
Selskapets aksjonærer tar eit utbytte på 12,8 millionar kroner, og 32,1 millionar kroner er omdisponert til andre midler.