Tilbyr sjømatstudie via nettet med stor suksess
NHH studiet Seafood MBA starta i oktober 2016. Sidan då har studentane logga seg inn på læringsplattforma på nett og NHH køyrer no mellom anna direktesendte webcast frå studio i Bergen. - Videoar og anna nettbasert undervisningsmateriale erstattar mykje av den tida som tradisjonelt vert brukt til førelesingar, fortel Linda Nøstbakken, som er leiar for studieprogrammet til kyst.no.
Denne artikkelen er tre år eller eldre.
Norges Handelshøyskole (NHH) i Bergen oppretta i fjor studietilbodet Seafood MBA, der studentane får tilpasse behova til sjømatnæringa i studiet. Professor Linda Nøstbakken, som er leiar for studieprogrammet seier utdanninga deira utførast i stor grad via internett og fortel at dei i studiet legg vekt på at studiet skal vera knytta opp til problemstillingar som leiarar i sjømatnæringane ofte møter. Frå tidlegare har NHH ei studieretning innanfor markedskompetanse for sjømatnæringa.
Undervisar via "flipped classroom"
- Sidan oktober har studentane jobba både individuelt og i grupper heimanfrå. Fyrste samling vert i slutten av januar når me alle skal tilbringe fem dagar saman på NHH. Det gleder me oss til, fortel Nøstbakken til kyst.no.
Sidan studiet rettar seg mot potensielle deltakarar frå heile verda, baserer NHH seg på såkalla omvendt undervising (‘flipped classroom’).
- Dette inneber at videoar og anna nettbasert undervisningsmateriale erstattar mykje av den tida som tradisjonelt vert brukt til førelesingar. Dette frigjer tid til andre aktivitetar og interaksjon i klasserommet og gjer at me kan oppnå det same læringsutbytte på færre samlingar, opplyser ho.
Studieleiaren fortel at i 2016, fram mot studiestart i oktober, gjekk det difor med mykje tid til å utarbeide førelesingsvideoar og anna materiale slik at dette var klart då studentane logga seg på.
- Denne typen undervisingsmetodikk er nybrottsarbeid for NHHE, så det er veldig spanande å få vere med på, legg ho til.
Samarbeidar med sjømatklynga
Studiet vil gje studentane 60 studiepoeng.
- Me har fått veldig god respons på studiet så langt. Bergen har alltid vore ein viktig by for sjømatnæringa. Med den sterke veksten i oppdrettsnæringa og det at fleire av dei største oppdrettsselskapa har hovudkontor nettopp her, har Bergen sin posisjon blitt ytterlegare styrka. Eit internasjonalt executive MBA-program retta mot sjømatnæringa var difor etterspurd og me har frå fyrste stund møtt stor velvilje frå alle hald, noko me er svært takksame for.
Det viktigaste, meinar ho likevel er at studentane som tek studiet er nøgde og sit att med mykje og relevant ny lærdom som kan kome både dei sjølve og selskapa dei jobbar for til gode.
- Samarbeidet vårt med sjømatklynga NCE Seafood Innovation Cluster har fungert svært godt og vore veldig verdifullt. Bakgrunnen for at me no tilbyr eit executive MBA-program retta mot sjømatnæringa er at klynga tok kontakt og utfordra oss til å få på plass eit slikt program.
- Sidan den tid har dei bidratt med støtte til programutvikling og dei har vore med å gi tilbakemeldingar til planane våre undervegs. Dei har også vore viktige for marknadsføringa av programmet og i kontakten mot næringa. Eg trur ikkje me hadde våga oss på dette utan støtta frå og det gode samarbeidet med Tanja Hoel og sjømatklynga, legg ho til.
Årets kull har 24 deltakarar. Desse representerer dei fleste ledd i verdikjeda og kjem fra ni ulike land. Dei har ei rekkje ulike fagbakgrunnar. og kjem mellom anna frå fiskeri, oppdrett og serviceindustrien.
- Det er med andre ord ei veldig spanande gruppe og me ser fram til interessante og lærerike diskusjonar i klasserommet om nokre veker, fortel Nøstbakken.
Neste kull vil starte hausten 2018 (opptak vår 2018).
Sjå videoen NHH har laga på studiet.
https://www.youtube.com/watch?v=2dX5s-uZ8EI
Les meir om Seafood MBA-studiet på NHH si heimeside.