Går av som dagleg leiar i Lingalaks
Erlend Haugarvoll vil tre inn i rolla som dagleg leiar frå 13. november.
Nina Møgster tok over som dagleg leiar i Lingalaks i august 2023. Då kom ho frå jobben som dagleg leiar i Lerøy Sjøtroll.
No varslar selskapet at ho går av som dagleg leiar.
– Lingalaks selskapa er fantastisk spanande selskap med god produksjon, positivt omdømme innan dyrevelferd og lusehandtering, og med mange dyktige folk. Eg er svært glad i selskapet, men den lange avstanden og pendlinga har vore krevjande, og gjer at eg no vel å trekkje meg frå rolla som dagleg leiar, seier Nina Møgster.
Konsernsjef, og kommande dagleg leiar Erlend Haugarvoll seier at dei er djupt takksame for innsatsen Nina har lagt ned i selskapet.
– Som dagleg leiar har ho hatt fokus på effektiv produksjon, forbetring av drifta vår og landa ein ny, oppdatert strategi for selskapet. Samstundes har vi full forståing for valet hennar om å prioritere familien. Selskapet ønskjer å takke Nina for hennar dedikerte innsats og ønskjer ho alt godt vidare. Vi er glade for at ho vil arbeide for oss ut november, seier han i meldinga.
Haugarvoll vil tre inn i rolla som dagleg leiar frå 13. november. Møgster vil vere tilgjengeleg for selskapet ved behov fram til februar 2025.