Dagleg leiar Erlend Haugarvoll i Lingalaks seier dei har hatt biologiske utfordringar i 2017 som prega resultatet. Foto: Linn Therese Skår Hosteland.

Lingalaks ned i resultat grunnet biologiske utfordringar

Krevande biologi og eit hardt PD-utbrot på Radøy prega driftsåret 2017 for Lingalaks. 

Denne artikkelen er tre år eller eldre.

Lingalaks AS driv produksjon innen havbruk, og i 2017 solgte dei 8 481 tonn laks fra selskapet sine driftsanlegg i Kvam herad, Kvinnherad kommune og Radøy kommune.

Selskapet driv i alt 9 konsesjoner inkludert 2 visningskonesesjonar.

Nedgang i resultat

Omsetningen til selskapet er 612 millionar sett mot 633 millionar i 2016. Driftsresultatet hadde også ein nedgang, og gjekk frå 213 til 154 millionar i 2017. Ein nedgang på 59 millionar kroner. 

Nøkkeltall:

Driftsmarginen vart også redusert frå 34 % i 2016 til 25% i fjoråret, medan egenkapitanandelen forblei uforandra på 38 %.

PD og auke i dødelegheit

Dagleg leiar Erlend Haugarvoll fortel Kyst.no at det var eit godt år resultatmessig grunna gode priser, men dei hadde lavare produksjon enn dei hadde håpa på.

- Årsaka er at me ikkje hadde optimal biologisk resultat og fekk derfor lågare produsert volum enn året før. Det var også PD på fleire lokalitetar og fisk som var svak ved lusebehandling, fortel han.

I årsberetningen står det at gjennom driftsåret har selskapet vore råka av sjukdom på nokre lokalitetar. Dødelegheitsfaktoren i 2017 var på 12,3 % som er ein auke fra året for. Krevande biologi og eit hardt PD-utbrot pa Radøy prega driftsåret 2017. Lakselus nivåa i anlegga deira er derimot meir positivt, og ligg på eit lågt nivå.

Produksjonsvillkåra i Hardanger og Radøy meiner styret er fortsatt svært gode for produksjon av laks, og selskapet har framleis god kvalitet og størrelse på laksen dei produserar.

Styret påpeikar og at dei er bekymra over det stadige negative offentlige fokuset som oppdrettsbransjen får, og fryktar at dette kan få uheldige konsekvensar både for framtidig rekruttering til havbruksnæringa og for rammevilkår.

Aukande produksjonskostnader 

Styret har tru på at utviklinga også i 2018 vil vera positiv for norsk oppdrettsnæring med omsyn til omsetnad av laks og marknadsutvikling. Men påpeiker at produksjonskostnadane i Lingalaks har vore aukande dei siste åra. Selskapet har difor planar om å sikre seg langsiktige avtalar på smolt.

Lingalaks har saman med Eide Fjordbruk store byggjeplanar på Ænes i Kvinnherad kommune, der dei ynskjer å oppretta eit settefiskanlegg. Prosjektet har dei kalla Ænes inkubator. Les meir om det her. 

Haugarvoll seier Ænes inkubator sin søknadsprosess går sin gong.

- Me har fått to tillatelser på plass og er i prosess med den siste tillatelsen, fortel han til Kyst.no. 

Utvikling og utbygging

Selskapet etablerte i 2007 Hardanger Akvasenter AS, eit visningssenter for laks. Dette arbeidet blir videreført i 2018.

Selskapet deltek i forskingsprosjekt innan produksjon, lusebekjemping og utslepp i det ytre miljø. Selskapet har gjennom selskapet Stadion Laks AS søkt om 15 utviklingstillatelser og fått innvilga nokre av desse. Antall tilltalelser er anka og til behandling hos departementet.

Haugarvoll påpeiker at dei elles har gjort normale investeringar i produksjonen

Aukar stadig antal tilsette

Selskapet hadde ved utgangen av året 40 tlsette, fordelt på 7 kvinner og 33 menn. Styret har 5 medlemmer fordelt på 4 menn og 1 kvinne. 

- Me er cirka 40 tilsette, og forsterkar stadig staben vår for å henge med i utvikling og kunnskapstilfanget i næringa. Siste er at me vil sjå på ASC standarden neste året, seier Lingalaks-sjefen.

I 2017 utgjorde sykefraværet 1.8 % noko som er lågare enn i 2016 (2.3 %). I 2017 hadde selskapet fire arbeidsulukker som førte til sjuketråvær, men ingen av dei var alvorlege. Fleire av skadene var hopping frå båt til anlegg og kai.